innsjøen Tegernsee

Tegernsee er ein innsjø i Bayer-alpane i Bayern i Tyskland. Innsjøen er ein populær feriestad i om lag 50 km sør for München. Fleire småelvar renn ut i Tegernsee frå eit tilsigsområde som dekkjer 212 km². Det einaste utsiget er elva Mangfall ved landsbyen Gmund. I sør av innsjøen ligg det to større bukter og den einaste øya i Tegernsee kalla Ringsee-Insel. Tegernsee er 6,5 km lang og på det breiaste 1,4 km, og utgjer eit areal på nesten 9 km². På det djupaste er innsjøen litt over 70 meter, og vasspegelen ligg 725 meter over havet.

Tegernsee
innsjø
Land  Tyskland
Tilsig Weißach, Rottach, Alpbach, Söllbach, Breitenbach, Zeisselbach
Utløp Mangfall
Nedslagsfelt 212 km²
Opphaldstid 1,28 år
Høgd over havet 725,5 moh.
Lengd 6,5 km
Breidd 1,4 km
Areal 8,934 km²
Middeldjupn 36,3 m
Største djupn 72,6 m
Volum 0,324 km³
Koordinatar 47°43′18″N 11°44′12″E / 47.72167°N 11.73667°E / 47.72167; 11.73667
Øyar Ringsee-Insel
Byar Tegernsee, Bad Wiessee
Kart
Innsjøen Tegernsee
47°43′42″N 11°43′57″E / 47.728333333333°N 11.7325°E / 47.728333333333; 11.7325
Wikimedia Commons: Tegernsee (See)

Av byar langs innsjøen finn ein Tegernsee, Bad Wiessee, Gmund og Rottach-Egern.

Kjelder endre