Institutt for energiteknikk

Institutt for energiteknikk (IFE) er eit forskingsinstitutt med aktivitetar innan fagområda energiteknologi, miljøteknologi og nukleærteknologi. IFE vart etablert som ei stifting i 1948, har omsetnad på ca. 600 millionar kroner i året (2008) med om lag 600 fast tilsette på Kjeller og i Halden. Instituttets administrerande direktør er Eva S. Dugstad. Organisasjonen har sektorane «Sikkerhet Mennske- Teknologi- og Organisasjon (Sikkerhet-MTO)», «Petroleumsteknologi», «Nukleær sikkerhet og pålitelighet», «Nukleærteknologi og Fysikk» og «Energi- og Miljøteknologi».

Institutt for energiteknikk

Org.formStiftelse
Org.nr.959432538
Skipa1948
HovudkontorKjeller
LandNoreg[1]
Nettstadhttp://ife.no
Haldenreaktoren er eit forskingsverktøy for mellom anna utvikling av kjernekraftsikkerheit.
IFE har ei eiga avdeling for Visualiseringsteknologi. Denne teknologien vert mellom anna nytta i design og evaluering av kontrollrom i kjernekraftverk, olje/gass og romfart.

IFE truleg mest kjend for drifting av dei to atomreaktorane som finst i Noreg. I 1951 bygde dei ein forskingsreaktor på Kjeller som vert nytta som kjelde for nøytronstråling. JEEP I reaktoren vart bytta ut med ein ny i 1967. Atomreaktoren på Kjeller, JEEP II vart stengd i 2018.[2][3] JEEP II reaktoren på Kjeller var eit sentralt forskingsinstrument for materialteknologi og grunnforsking i fysikk.

Haldenreaktoren vart stengd i 2018.[4] IFE er òg ansvarleg for Haldenreaktoren og IFE er med i det største internasjonale forskingsprosjektet i Noreg, Haldenprosjektet som gjer bruk av Haldenreaktoren. JEEP II-reaktoren på Kjeller vert nytta til grunnforsking i fysikk og produksjon av legemiddel, medan Haldenreaktoren vert nytta til forsking på materialteknologi og kjernebrenselsikkerheit.

Historie endre

I dei fyrste åra etter krigen satsa Noreg sterkt på atomforsking for sivil nytte. Gunnar Randers starta den norske atomforskinga ved Forsvarets forskingsinstitutt allereie i 1946 saman med Odd Dahl. Det skjedde med godkjenning frå Stortinget. Fleire forskarar ønska ikkje at atomforskinga skulle gå føre seg i militær leiing. Forsvarsministeren, Jens Chr. Hauge, støtta likevel prosjektet og sørgde for tilstrekkeleg pengestøtte.[5]

Institutt for Atomenergi (IFA) vart i 1948 etablert som ein sivil avleggar frå Forsvarets forskingsinstitutt med Gunnar Randers som direktør fram til 1970. I perioden mellom 1947 og 1951 fekk denne forskinga meir offentleg støtte enn all annan naturvitskapleg forsking. Noregs første atomreaktor (JEEP) stod klar på Kjeller i 1951. På den tida var det berre stormaktene USA, England, Frankrike, Sovjet og Canada som hadde atomreaktorar.

På 1980-talet gjekk IFE gjennom ei omstilling med ny programprofil. Løyva frå staten gjekk ned, medan eigen omsetnad auka med inntekter frå oppdragsforsking og kommersialisering. Petroleumsforsking, fornybar energi, kontrollromsteknologi og menneske-maskin-kommunikasjon var blant nokon av områda som voks i denne perioden.

Frå 1990-talet fekk IFE ein leiande posisjon innan norsk energi- og miljøforsking, med fokus på områda hydrogenlagring, miljøteknologi, solenergi og fornybare energisystem.

I 2006 måtte reaktoren JEEP-II stengjast ned nokre veker på grunn av ein radioaktiv lekkasje inne i reaktorhallen. Driftsforstyrringa vart utreidd og det vart konkludert med at den truleg skuldast ein lekkasje i rekombineringskrinsen i eller nær ei pumpe. Utsleppet av radioaktivitet i samband med denne hendinga var svært låge. Det vart ikkje målt utslepp med høgare verdiar enn det som følgjer av normal drift av reaktoren.[6]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre