Intel Core og vidareutviklinga Intel Core 2 er ein famile av prosessorar laga av Intel. Prosessoren vert brukt i berbare datamaskiner, i tillegg til arbeidsstasjonar og tenarar. I samband med lanseringa av Inter Core vart det innleidd eit samarbeid mellom Intel og Apple, som då for første gong byrja å bruke Intel-prosessorar i sine Mac-maskiner.

Utgåver endre

Prosessortypen er basert på 65 nm-teknikk og finst i to variantar, begge introduserte januar 2006:

  • Intel Core Solo – med ein prosessorkjerne
  • Intel Core Duo – med to prosessorkjernar