Interlaken er ein kommune i distriktet Interlaken-Oberhasli i kantonen i Bern i Sveits. Kommunen har 5 429 innbyggjarar (2010) og eit areal på 4 km². Han er ein kjend turistdestinasjon i Berner Oberland. Interlaken ligg mellom Brienzersee i aust og Thunsjøen i vest i eit område kalla Bödeli. Latinske inter lacus tyder «mellom sjøar». Elva Aare renn gjennom byen mellom innsjøane.

Interlaken
Interlaken sett ovanfrå
Interlaken sett ovanfrå
Interlaken sett ovanfrå
Kommunevåpenet til Interlaken
Kommunevåpenet til Interlaken


Plassering
Interlaken is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Bern
Distrikt Interlaken-Oberhasli
Språk tysk
Borgarmeister Urs Graf
Geografi
Flatevidd
 - kommune

4,4 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

5 429
  1 233,9 /km²
Koordinatar 46°41′0″N 7°51′0″E / 46.68333°N 7.85000°E / 46.68333; 7.85000
Høgd over havet 568 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 3800
Nettstad: www.interlaken-gemeinde.ch

Byen er mellom dei mest populære stadene i Sveits for turistar. Byen har to jernbanestasjonar. Stasjonen Interlaken Ost er eit av endepunkta til Jungfraubanen opp til Jungfraujoch.

I tidlegare tider var Interlaken særleg viktig på grunn av eit augustinarkloster. Klosteret vart bygd i 1130 og stod fram til 1528.

Bakgrunnsstoff endre