Internettsjargong

Wikimedia-listeartikkel

Internettsjargong er ei eiga form for slang som har vakse fram i takt med at bruken av Internett som kommunikasjonsmiddel har auka. Sjargongen særmerker seg ved at han er skriven, men likevel svært talemålsprega. Mange slanguttrykk er forkortingar, og kan vera svært vanskelege å skjøna for utanforståande.

Kaffikopp med forkortinga «RTFM» på. Slike forkortingar er vanlege former for internettsjargong.
«Lolcat», internettfenomenet der ein legg tekst oppå foto av kattar eller liknande, nytter mykje internettsjargong.
Foto: Tom Corser

Sjargongen har mellom anna røter i militær kommunikasjon og datateknologi. Han bygger særleg på chatting der ønsket om å uttrykka seg raskt og spontant mellom anna har ført til ein sterk bruk av forkortingar, villa feilstavingar og bruk av berre små eller til tider store bokstavar.

Internettsjargong har mange fellestrekk med SMS-språk, men dei to overlappar kvarandre ikkje heilt.

Nokre vanlege ord endre

  • lol : laugh(ing) out loud, 'ler høgt' (eller 'ler og ler')
  • omg : oh my god, 'herregud'
  • pls/plz : please, 'ver så snill'
  • wtf : what the fuck?, 'kva i helvete?'
  • pwnd/owned : «eigd» (å ha tapt noko totalt eller dumma seg ut.)

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre