Introducing Sparks

Introducing Sparks
Studioalbum av Sparks
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1977
Innspelt 1977
Studio Larrabee Sound i Los Angeles
Sjanger poprock[1]
Lengd 35:58
Selskap Columbia (USA), CBS (Storbritannia)
Produsent Jimmy Ienner, Terry Powell, Ron Mael og Russell Mael
Sparks-kronologi 
Big Beat
(1976)
Introducing Sparks No. 1 in Heaven
(1979)


Singlar frå Introducing Sparks
  1. «Over the Summer» med «Forever Young»
    Utgjeve: August 1977 (USA)[2]
  2. «A Big Surprise» med «Forever Young»
    Utgjeve: 30. september 1977 (Storbritannia)[3]

Introducing Sparks er det sjuande studioalbumet av det amerikanske rockebandet Sparks, gjeve ut i 1977 på Columbia Records.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[4]
Christgau's Record GuideB[5]

Utgjeving endre

Då albumet kom ut meinte Pete Makowski i Sounds at albumet «truleg var det mest eventyrlystne albumet» frå Sparks til då, og at Ron Mael «er ein av dei mest undervurderte og originale tekstforfattarane i galaksen.»[6] Men albumet selde dårleg og mange andre kritikarar var negative til at bandet hadde byrja med ein «austkyst-amerikansk stil», trass i at Mael-brørne var amerikanske. Tittelen er òg heller ironisk - ikkje at Introducing Sparks var det det første albumet deira, det var ikkje ein gong det første for selskapet deira, Columbia (det var det andre og siste).

Introducing Sparks gjorde det ikkje noko betre enn det førre albumet Big Beat. Det gjekk ikkje inn på albumlistene i Storbritannia eller USA. Singlane «Over the Summer» og «A Big Surprise», begge med B-sida «Forever Young», gjekk heller ikkje inn på listene nokon stad og vart ikkje spelte på radio. I fleire tiår var albumet vanskeleg å få tak i, dels fordi det ikkje kom på CD før i 2007.[7][8] I nyare år har albumet blitt sett i eit litt mildare lys, og enkelte kritikarar har vurdert Introducing Sparks som eit oversett album.[9]

Mottaking endre

Robert Christgau skreiv i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) «På dei fem albuma for Bearsville og Island, forsterka denne dyktige brødregruppa personleg hat med eit bevisst anstrengt og lite innbydande inntrykk av poprock. Men med Columbia-debuten deira, Big Beat, byrja dei å losna, og eit spor her skapar faktisk surfemusikk-historie, i tendensen-til-hypermedvit-delen. Dette er melodiøst, morosamt, til og med ope. Men frykta for kvinner og den sta, bortskjemde tenåringskynismen er der framleis, og han er framleis hatefull.»[5] Dave Thompson i AllMusic sa om albumet «det er hardt å visualisere eit album som er meir skuffande enn dette,» men likte «Over the Summer» som «ein av dei beste Beach Boys-pastisjane som nokon gong er spelt inn», men sa så at «me ser ikkje til Sparks for pastisjar».[4]

Nyutgjevingar endre

Bortsett frå den første utgjevinga i 1977 var Introducing Sparks utilgjengeleg i mange år. Lenge var albumet det einaste av Sparks som berre var komen på vinyl (om ein ser bort frå piratkopiar på CD). Dette var dels fordi Columbia Records hadde rettane, og sjølv om dei hadde gjeve ut Big Beat, var dette albumet gjeve ut på Island Records i Storbritannia og dei hadde gjeve det ut i 1994. Derfor var det lite lyst å spore hos Columbia om å gje ut berre eitt album.

Sidan det selde dårleg og fekk svak kritikk, vart Introducing Sparks snart gløymd. Dette endra seg i november 2007 då albumet offisielt kom ut på CD på Sparks sitt eige selskap, Lil' Beethoven Records. Men CD-plata var ikkje ommastra rå det originale lydbandet som Sony eigde, men vart mastra frå ein vinyl, fordi bandet ikkje hadde rettane til dei originale banda. Albumet vart seinare gjeven ut i Japan på SHM-CD, som vart rekna for å lete betre enn CD-utgåva, men det vart nytta den same vinylmasteren.

I 2014 posta ein fan på nettet at dei hadde oppdaga ein 1/4-tommar 4-spors lydband av ein kvadrofonisk miks av 'Introducing Sparks' med det som kanskje var ein tidleg inkarnasjon av albumet. Lydbandet inneheldt åtte songar, mellom anna to songar som ikkje var gjevne ut før («Kidnap»[10] og «Keep Me»[11]), men var utan tre av songane på det endelege albumet («Forever Young», «Girls on the Brain» og «Over the Summer»). Alle songane hadde talte introar og stoppa brått i staden for å tona ut.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«A Big Surprise»3:42
2.«Occupation»5:17
3.«Ladies»3:06
4.«I'm Not»3:26
5.«Forever Young»3:27
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Goofing Off»4:26
7.«Girls on the Brain»3:41
8.«Over the Summer»3:50
9.«Those Mysteries»5:03
Bonusspor på Imperial Records-utgåva (Japan - 2009)
Nr.TittelLengd
10.«Breathe» (demo)3:14
11.«Fact or Fiction» (demo)3:26
12.«Those Mysteries» (demo)3:40

Medverkande endre

Produksjon endre

  • Lydteknikar: Lenny Roberts
  • Assisterande lydteknikarar: Betsy Banghart og Randy Tominaga
  • Arrangert av Al Capps og Ron Mael
  • Mastera i Allen Zentz
  • Management: John Hewlett
  • Fotografi: Bob Seidemann
  • Design: John Kehe, Tommy Steele

Kjelder endre

  1. «'We have a hostility to being boring': Sparks, still flying in their 70s». TheGuardian.com. 24. april 2022. 
  2. «Sparks - Over The Summer/Forever Young». 45cat. Henta 24. april 2022. 
  3. «Sparks - A Big Surprise/Forever Young». 45cat. Henta 24. april 2022. 
  4. 4,0 4,1 Introducing SparksAllmusic. Henta 14. desember 2014.
  5. 5,0 5,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 21. april 2022 – via robertchristgau.com. 
  6. «Introducing Sparks». AllSparks.com. Henta 24. april 2022. 
  7. «Introducing Sparks - Sparks - Releases». AllMusic. Henta 24. april 2022. 
  8. «Sparks - Introducing Sparks». Amazon. Henta 24. april 2022. 
  9. Easlea, Daryl (13. november 2007). «Introducing Sparks - Sparks». Record Collector Magazine. Henta 24. april 2022. 
  10. Kidnap original recording
  11. Keep Me original recording