Iquitos er den største byen i delen av regnskogen i Amazonas som ligg i Peru. Han er hovudstad i Loreto-regionen og i Maynasprovinsen. Det er berre 106 meter over havnivå kor byen ligg ved Amazonaselva sjølv om det er meir enn 3000 kilometer til utmunningen av Amazonaselva i Atlanterhavet. Iquitos har lenge vore ein hovudinnfallsport til Amazonasbassenget frå vest. Han er inneklemt mellom tre elvar: Amazonaselva, Nanay og Itaya.

Iquitos
by
Land  Peru
Areal 1 213 km²
Folketal 377 609
Kart
Iquitos
3°44′00″S 73°15′00″W / 3.7333333333333°S 73.25°W / -3.7333333333333; -73.25
Wikimedia Commons: Iquitos

Byen er sett på som den største i verda som ikkje har vegsamband med utanomverda, berre fly og båtsamband, om du då ikkje reknar med vegen frå Nauta. Nauta er ein liten by kring 100 kilometer sør for Iquitos. Inne i Iquitos brukast motoriserte rickshawar og motorsyklar. Transport til dei næraste byane vert oftast gjort med elvebåtar, «llevo-llevo». Ein ser mange hus på flåtar i området.

Klima endre

 
Satellittfoto av Iquitos

Klimaet i område er heitt og vått, med ein gjennomsnittleg relativ grad av luftfukt på 80 %. Den våte sesongen er frå kring november til mai, elva når sitt høgste nivå i mai og lågaste i oktober.

I oktober 2005 var vasshøgda i Amazonaselva lågare enn nokon gong sidan målingane starta i 1975. Dette har skapt store vanskar for skipstrafikken til og frå Iquitos. (Sjå kjelde [1])

Historie endre

Iquitos vart grunnlagt som ein misjonsstad for jesuittar på 1750-talet, og etter 1864 starta veksten då den politiske eininga Loreto-regionen var oppretta med Iquitos som hovudstad. Frå 1880-talet skaut gummiindustrien opp og byen vart kjent som «gummiindustriby», ein æra som skulle vare i om lag 30 år. Boomen var over etter at frø frå gummiplanten vart smugla ut frå landet og plantasjar kunne leggast kor som helst. Verksemda skapte mange rike «gummibaronar», men liding blant gummitapparar. Ein finn framleis herskapshus frå 1800-talet, medan anna «Jarnhuset», utforma av Gustave Eiffel. Fitzcarraldo, filmen (1982) om gummibaronen Brian Sweeney Fitzgerald vart teke opp på stader ved Iquitos.

Økonomi endre

Fleire næringsvegar stør økonomien i Iquitos: petroleumsverksemd, utskiping av skogvirke, turisme og romproduksjon. Det var tidleg på 1960-talet at det vart funne olje i område, noko som sette fart i utviklinga til det som er den moderne Iquitos i dag. Eit oljeraffineri er bygd ved utkanten av byen. I perioden mellom gummialderen og oljealderen var det økonomisk stagnasjon kor folk livnæra seg av trevirke og agrikultur.

Turisme endre

Iquitos har eit veksande rykte som turistsenter, spesielt som eit utgangspunkt for turar inn i regnskogen i Amazonas, til naturreservatet Pacaya-Samiria og elvereiser ned til ein annan gummiindustriby i Amazonasbassenget, Manaus i Brazil.

I 1990-åra flykta grupper av homoseksuelle frå undertrykkande politi i andre byar i Peru for å leve i denne avsidesliggande byen. Mange bur no i Belén som er tilgjengeleg over land i den tørre årstida og berre med båt i den våte.

Kultur og utdanning endre

Iquitos har to universitet: Universidad Nacional de la Amazonía Peruana, eit offentleg universitet og Universidad Particular de Iquitos, ein privat institusjon.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre