Iráklia
Lokalt namn Ηράκλεια

Geografi
Iráklia is located in Hellas
Iráklia (Hellas)
Stad Kykladane
Koordinatar 36°50′N 25°27′E / 36.833°N 25.450°E / 36.833; 25.450

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Dei sørlege egeiske øyane
Náxos
Náxos og dei små Kykladane
Hovudsete Iráklia (36 innb.)
Demografi
Folketal 141 (2011[1])

Iráklia (gresk Ηράκλεια), er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet.

Iráklia var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som er ein del av periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Iráklia 141 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 36 innbyggjarar.[1]

Øya ligg mellom Náxos og Íos ved naboøyane Skhinoúsa, Koufonísia, Donoúsa og Amorgós. Hamna heiter Ájos Jeórjos, medan hovudlandsbyen vert kalla Panajía. Dei største grottene i Kykladane ligg på Iráklia. Ein kan nå Iráklia med båtar frå Pireus, Náxos og Páros.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre


  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.