Iráklio
Lokalt namn Ηράκλειο

Markusbasilikaen frå 1239
Geografi
Stad Kreta
Koordinatar 35°20′N 25°08′E / 35.333°N 25.133°E / 35.333; 25.133
Areal 244,6 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kreta
Iráklio
Hovudsete Iráklio (140 730 innb.)
Demografi
Folketal 173 993 (2011[1])
Folketettleik 711,3 /km²

Iráklio (gresk skrift Ηράκλειο, italiensk Candia) eller Heraklion er den største byen på Kreta i Hellas og den fjerde største i landet. Andre variantar av namnet er Herakleion og Irakleio. I fleire hundreår vart byen kalla Candia (gresk Χάνδαξ eller Χάνδακας, tyrkisk Kandiye).

Iráklio er adminstrasjonssete for periferien Kreta og for periferieininga Iráklio. Ruinane av Knossos, som vart grave ut av Arthur Evans, ligg i nærleiken.

Administrativ inndeling endre

 
Den tidlegare kommunen Iráklio, no kommunaleininga Iráklio

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 173 993 innbyggjarar, medan kommunaleininga Iráklio hadde 151 324 og tettstaden med same namn 140 730 innbyggjarar.[1]

Historie endre

Iráklio ligg nær ruinane av palasset Knossos, som i den minoiske perioden var den største byen på Kreta. Det er derfor sannsynleg at det låg ei hamn her for så lenge sidan som år 2000 fvt. Det er derimot ingen arkeologiske funn som støttar dette.

Den noverande byen Iráklio vart grunnlagd i 824 evt. av sarasenarar (eit arabisk muslimsk folk). Dei bygde ei vollgrav rundt byen som vern og kalla byen خندق eller Ḫandaq, 'vollgrav'. Sarasenarane lét sjørøvarar få nytta hamna som tilflukt, noko som irriterte det nærliggande Austromarriket.

Den austromerske tida endre

I 961 gjekk austromarane leia av Nikiforos Fokas, seinare austromersk keisar, til åtak og erobra byen, slakta sarasenarane, plyndra og brende byen til grunne. Dei heldt kontrollen over området og gjenoppbygde Khandak dei neste 243 åra.

Den venetianske perioden endre

I 1204 vart byen kjøpt av Republikken Venezia som ein del av ein komplisert politisk avtale som involverte mange andre saker etter det fjerde krosstoget. Venetianarane utbetra vollgrava ved å byggje enorme festningsverk, dei fleste framleis intakt, inkludert ein enorm mur, enkelte stader opp til 40 meter tjukk, med 7 bastionar og ei festning i hamna. Khandak fekk namnet Candia på italiensk og vart sete for hertugen av Candia. Som følgje av dette vart det venetianske administrative distriktet på Kreta kalla Regno di Candioa (Kongedømet Candia). Byen heldt namnet Candia i fleire hundreår og det same namnet vart ofte nytta om heile Kreta.

Etter venetianarane kom tyrkarane i Det osmanske riket. Dei omleira byen i 22 år, i ein blodig krig der mange kretarar og tyrkarar døydde. Venetianarane overgav seg i 1669. Under osmanarane vart byen offisielt kalla Kandiye (som igjen vart nytta om heile Kreta), men vart uformelt kalla Megalo Kastro 'Stor borg'. Under den osmanske perioden vart hamna fylt med slam, så det meste av skipstrafikken flytta til Khaniá vest på øya.

Den moderne perioden endre

I perioden med sjølvstyre under tilsyn frå Stormaktene (1898-1908) var Candia ein del av den britiske sonen. I lag med resten av Kreta vart han ein del av Den kretiske staten i 1908, og så ein del av Hellas i 1913. I den samband vart byen gjeve namnet Iráklio, etter den gamle romerske hamna Heracleum ('Herakles'), som ein ikkje nøyaktig veit kor låg. Det største monumentet i byen er den venetianske mellomalderfestninga Rocca al Mare (òg kalla Koules) som ligg ved hamna.

Klima endre

Kreta har eit varmt middelhavsklima. Somrane i låglandet er varme og tørre med klår himmel. Fjellområda er kjøligare og får meir regn. Vintrane i låglandet er milde og ein får sjeldan frost og snø her.

Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Normal maks. temp. °C 15 16 17 20 23 27 29 28 27 23 20 17
Normal min. temp. °C 9 9 10 12 15 19 22 22 19 17 13 11
Nedbør (mm) 91,4 76,2 58,4 30,5 15,2 2,5 0 0 20,3 68,6 58,4 76,2
Kjelde: www.weather.com

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Iráklio Iráklio 140 730
Néa Alikarnassós Néa Alikarnassós 12 925
Vasilíes Iráklio 1 662
Profítis Ilías Témenos 1 429
Dafnés Iráklio 1 204
Skaláni Iráklio 1 180
Káto Asítes Gorgolaínis 1 076
Stavrákia Iráklio 913
Veneráto Palianí 836
Finikiá Iráklio 824
Marathítis Iráklio 809
Kallithéa Néa Alikarnassós 734
Voútes Iráklio 682
Goúrnes Iráklio 639
Jofyrákia Iráklio 618
Ájos Mýronas Gorgolaínis 612
Lofoúpoli Iráklio 572
Ájos Sýllas Témenos 545
Avjenikí Palianí 533

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre