Irish Parliamentary Party

Irish Parliamentary Party (IPP) var eit politisk parti i Irland. Det vart grunnlagt av Charles Stewart Parnell, som inntil då var leiar av Nationalist Party i 1883, som ei erstatning for den meir uformelle Home Rule League.

Representantane til partiet i Det britiske parlamentet måtte sverja på at dei skulle sitja saman med, agera saman med og røysta saman med partiet. Dette er eit av dei tidlegaste døma på formalisert partipisk i vestleg politikk. Medlemmane fekk òg løn frå kassa til partiet, i ei tid der det vart føresett at parlamentsmedlemmar var økonomisk uavhengige. Dette førte til at personar frå middelklassa hadde eit reelt høve til å gå inn i toppolitikken.

Etter Parnells fall i 1891 vart partiet splitta i ein pro-parnell- og ein anti-parnellfløy. Partileiar John Redmond og nestleiaren hans John Dillon lukkast i 1900 å samle medlemmane att. Det vart i tida som følgde vedteke ei rekkje lovar som betra Irlands vilkår. Spesielt viktig var Local Government Act 1898, som erstatta styret til jordeigarane med distriksråd som vart styrt av det irske folket. Dette skapte ei ny gruppe politikarar i Irland, og auka ønsket om Home Rule. IPP dominerte mange av distriktsrådane, kva for eit etterkvart førte til mye kameraderi.

Etter det britiske parlamentsvalet 1910 og Parliament Act 1911 innskrenkning av vetoretten til Overhuset klarte IPP å få gjennom eit forslag for Home Rule Act 1914. Lova ville gje størstedelen av Irland sjølvstyre, men den norødstlige delen skulle skiljast ut, noko som var svært dårleg likt blant både nasjonalistar som ynskte eit sameint Irland, og unionistane i sør og vest som frykta at dei vart isolert.

Utbrotet av første verdskrig førte til at Home Rule Act ikkje vart sett i kraft. Dette skulle få stor innverknad på Irlands vidare historie. Irish Volunteers hadde vorte oppretta for å forsvara loven mot Ulster Volunteer Force, og størsteparten av Volunteers valde å la seg verva til British Army, fordi krigsinnsats for britane ville gjera britane meir vennleg røysta og dermed leitte innføringa av loven etter krigen. Den gjenverande delen av Irish Volunteers bestod av dei meste radikale medlemmane, og Irish Republican Brotherhood (IRB) brukte i 1916 organisasjonen til å gjennomføra påskeopprøret. Sjølv om dette vart slått ned førte det til ein valdsam radikalisering av irsk politikk.

I parlamentsvalet i Storbritannia 1918 tapte IPP nesten alle seta sine til Sinn Féin, som tidlegare hadde vore ei marginal gruppe. Partiet vart etter dette totale nederlaget oppløyst. Mange av medlemmane gjekk i 1920-åra inn i Cumann na nGaedhael.

IPPs mest varige bidrag til det irske samfunnet var at partiet var ansvarleg for å ha bygd opp ein parlamentarisk tradisjon i Irland. Denne vart teken opp av Dáil Éireann, slik at dei væpna opprørarane raskt byrja ein parallell prosess med statsbygging som bana for veg Government of Ireland Act 1920 og den anglo-irske traktaten.

Kjelder endre