Isabel Blanco (fødd 10. mai 1979) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bergen. Ho vart europameister med Noreg i 2004 og 2008. Blanco var linjespelar.

Isabel Blanco

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. mai 1979 (44 år)
Bergen
Yrke handballspelar
Høgd 172 centimeter
Isabel Blanco på Commons

Aktiv endre

Blanco var i yngre år medlem av høvesvis Vadmyra, Kjøkkelvik og Nordnes IL. Etter ein sesong i spanske Mislata melde ho seg inn i Tertnes IL, der ho i 2000 var med på å spele laget til finalen i EHF-cupen. Sommaren 2000 gjekk turen atter utanlands, og dei neste elleve åra var ho aktiv på danske handballag. Dei fyrste fire åra spelte ho på Ikast. Deretter var ho Aalborg-spelar 2004-06, noko som gav henne dansk seriesølv i 2005 og -bronse i 2006. Sidan gjorde ho atter teneste i Ikast/Midtjylland fram til sommaren 2011. Frå 2011 til ho vart mor i 2015, spelte Blanco på Larvik Håndballklubb. Med Larvik vann ho fire strake NM-gull i perioden 2011-14 og vart seriemeister 2012-14. Vinteren 2016 spelte ho på Molde Håndballklubb i botnen av den norske toppserien, før ho hausten 2016 byrja som spelande trenar i Halden HK. Allereie i februar 2017 gjekk Halden-klubben konkurs og trekte laget frå seriesystemet.

Blanco debuterte på det norske landslaget 23. oktober 2004 mot Tyskland, og vart få veker seinare teken ut til den norske troppa som i desember 2004 vann Handball-EM 2004. Året etter deltok ho i handball-VM, men måtte vente tre år på den neste meisterskapsturneringa. Under EM 2008 vann ho sitt andre EM-gull. Dei neste åra nådde ho ikkje opp i valet av linjespelarar til landslaget, Heidi Løke og Marit Frafjord hadde klippekort på dei plassane. Blanco fekk likevel eit siste meisterskap, Handball-VM 2013. Den 18. desember 2013 mot Serbia spelte ho sin 86. og siste landskamp, i alt stod ho for 165 skåringar til Noreg.

Merittar endre

Kjelder endre