Isar er ei 295 km lang elv i Austerrike og Tyskland. Ho er ei av sideelvene til Donau og den fjerde lengste elva i Bayern i Tyskland om ein ser på lengde innanfor delstaten. Ser ein på vassføringa er ho den femte største. Etter Inn og Lech er Isar den tredje viktigaste tyske sideelva til Donau. Tidlegare var elva brei og grunn, med mange øyar av grus og sand. Bortsett frå nokre plassar lengst opp er dette preget borte.

Isar
elv
Isar nær München
Land  Tyskland,  Austerrike
Nedslagsfelt ±9 000 km²
Lengd 295 km
Middelvassføring 175 /s
Kjelde Eiskarlspitze i Alpane i Austerrike
 - høgd 1 740 moh.
Munning Donau
 - høgd 312 moh.
Kart
Isar
47°22′32″N 11°24′29″E / 47.375555555556°N 11.408055555556°E / 47.375555555556; 11.408055555556
Wikimedia Commons: Isar

Etymologi endre

Keltisk endre

Ei tolking av namnet Isar er at det er ein konstruksjon av dei keltiske orda ys ('rask, fossande') og ura ('vatn, elv'). I følgje ei anna tolking kan ys tyde både 'høg' og 'låg', meiningar som viser til dei store endringane i vassnivået i elva.

Germansk endre

Ei anna tolking er at namnet kjem frå ei hypotetisk germansk rot *es eller *is som kan ha tydd «(rennande) vatn», og som me finn att i moderne tysk eis, is.

Andre elvar med liknande namn er:

Det er òg mogeleg at det antikke namnet på den lågare delen av elva Donau, Ister, har same kjelde.

Geografi endre

Isar drenerer ein stor del av Alpane og Karwendelfjella nordaustover til Donau, der vatnet til slutt renn ut i Svartehavet. Nedslagsfeltet er om lag 9 000 kvadratkilometer. Om vinteren fell det meste av nedbøren i Alpane som snø. Dette fører til særleg stor vassmengd i elva under smeltinga om våren. Ho har ei middelvassføring på 175 kubikkmeter per sekund. Dette er om lag på same nivå som andre forholdsvis store elvar i Tyskland, som Mosel, Lech eller Main.

Bortsett frå dei større sideelvene Amper, Loisach og Moosach, renn mange mindre elvar ut i Isar, som Leutasch, Jachen, Dürrach, Dorfen, Sempt og Pfettrach.

 

Det offisielle utspringet til Isar ligg i Hinteraudalen aust for landsbyen Scharnitz i Karwendelfjella i Tirol i Austerrike, eit stykke nord for Innsbruck, i ei høgd på 1 160 m. Isar startar frå bekken Lafatsch, som har kjelde lenger søraustover, denne kjelda blir òg rekna som kjelda til Isar. Isar forlet Karwendel-fjella ved Scharnitz og nokre få kilometer lenger nord kryssar ho grensa til Tyskland. Mellom Mittenwald og Krün ligg den øvste oppdemninga av Isar. Vatn frå Isar blir her ført til innsjøen Walchensee, som er magasin for straumproduksjon. For å lage meir straum, og hindre flaum, vart det bygd eit større reservoar kalla Sylvensteinsee mellom 1954 og 1959. Dette ligg 12 km sør for Lenggries, og har hindra alvorlege flaumar i München, mellom anna i 1979, 1999 og 2005. 2005 var første året ein måtte sleppe ut vatn frå innsjøen fordi toppkapasiteten var nådd, men ein klarte akkurat å unngå flaum i München. Etter at elva forlet Dei bayerske Alpane ved Bad Tölz renn Isar gjennom eit morenelandskap og så gjennom München-sletta. Ho held så fram frå Freising mot Donaudalen. Ved munningen ved Donau er ho 312 meter over havet og har runne ned 848 høgdemeter frå utspringet til munningen.

Dei fleste øyane i Isar endrar form og storleik under vårflaumen. Nokre øyar i nærleik av store byar fekk bygd støttemurar på 1800-talet og er på det viset verna mot erosjon. Døme på dette er Museumsinsel og Praterinsel i München.

Byar endre

 
Isar nær Garmisch.

Isar renn gjennom desse byane:

Soge endre

 
Isar i München nær Deutsche Museum

Isar var truleg ei transportåre sjølv i førhistorisk tid for frakt av varer på flåtar, frå Alpane og Italia til Donau. Romarane bygde ein handelsveg kalla Via Raetia frå Inndalen over Seefelderpasset og til den nordlege foten av Alpane frå 195 e.vt. Også tidlegare gjekk det ein handelsveg der. Byen Mittenwald voks deretter frå ein romersk vaktpost til ein viktig handelsby i Werdenfelser Land.

Nokre stader bygde romarane trebruer over Isar, slik at dei enklare kunne kome seg over dei stride straumane og også utvikle handelsvegar over land. Ei av desse vart bygd på den romerske vegen mellom Salzburg og Augsburg sør for det som i dag er München. Dermed kunne ein lett kontrollere trafikken langs vegen og krevje avgifter og desse inntektene gjorde handelstrafikken viktigare. Byane München og Landshut oppstod i mellomalderen direkte knytt til bygging av bruer, strid om makt og økonomisk innverknad. Sidan byane var i stadig vekst, kravde ein stadig meir tømmer og kalk, og dette førte til meir fløyting, særleg i det bayerske Oberland. På byrjinga av 1600-talet vart varer som middelhavsfrukt, krydder, bomull og silke frå Den venetianske marknaden i Mittenwald transportert ned Isar og Donau heilt til Wien og Budapest. På 1800-talet var transporten med flåtar på topp og om lag 8 000 flåtar kom til München kvart år.

Sidan mellomalderen har vasshjul vore i drift langs Isar. For å oppretthalde ein meir jamn straum til vasskvernene, vart det bygd små kanalar i München. Desse kanalane, kalla Stadtbäche (bybekkar), førte med seg ferskvatn til innbyggjarane og vatn til vollgravane framfor bymuren.

 
Eit bilete tatt frå same stad som ovanfor, under flaum 24. august 2005

Kvart år skapte Isar flaum i byane langs elva og gjorde store øydeleggingar og tok livet av mange menneske. I 1813 kollapsa ei bru i München under ein flaum, og tok livet av meir enn 100 menneske som stod på brua og såg på flaumen. Frå 1806 vart det bygd murar langs breidda av elva. Dette førte til at elva gjekk raskare og grov seg djupare ned i elveleiet. På 1920-talet byrja ein å byggje vasskraftverk, og frå 1954 til 1959 bygde ein Sylvensteinspeicher for å produsere straum og for å verne mot flaumar. Dette førte mellom anna til at landsbyen Fall var lagd under vatn. Når vassnivået i reservoaret er svært lågt, kan ein framleis sjå kyrkjetårnet stikke opp av vatnet. Berre dei siste få åra har Isar delvis gått tilbake frå å vere ein kanal til ei meir naturleg elv.

I dei lågare delane av Isar, mellom Moosburg og Plattling vaska ein gull i elveavleiringane på 1500- og 1600-talet. Det blei ikkje funne mengder av særleg økonomisk tyding.

Det var i Isar ein strødde oska etter dei som vart avretta etter Nürnbergprosessen i 1946.

Miljø endre

 
Ulveedderkopp (Arctosa cinerea) i dalen til elva Isar

Sidan 1920-talet har ein brukt vatnet i Isar for å produsere straum. Dette har hatt store konsekvensar for både lokal fauna, flora og menneske. For å gje nok vatn til dei 28 vasskraftverka langs elva er nesten heile elva kanalisert og vatnet er leia om fleire gonger. Til dømes vart all vatnet i elva leia ut i innsjøen Walchensee like nord for Mittenwald i 1923, for å byggje eit vasskraftverk der. Sidan 1990 har ein latt 4 kubikkmeter per sekund strøyme gjennom elva utanom innsjøen så elva ikkje blir heilt tørrlagt. Bygginga av Sylvensteindemninga og dei talrike reguleringane av elva (som vart påbyrja tidleg på 1800-talet) har endra karakteren til elva. Konstruksjonen av denne demninga hindrar no stort sett elva i å flaume over breiddene sine. Særlege unntak var dei store flaumane i 1999 og 2005, der den spesielle flaumskogen blei tilført sediment for første gong på fleire tiår.

For å verne den vakre Isardalen, grunnla Gabriel von Seidl Isartalverein (på norsk: Isardalforininga) i 1902. For å oppnå dette, kjøpte det første Bürgerinitiative i München 90 hektar med jord, og i dag er det over 330 km turstiar i området.

I det siste har ein prøvd å bringe Isar tilbake til den opphavlege forma si. Til dømes har ein nær München gjort elveleiet breiare og elvebreidda flatare, og ein har bygd små grusøyar og nesten naturlege bukkar for å sakke ned farten til elva. I tillegg har ein gjort dika større og breiare.

Vasskvaliteten i elva har òg auka etter at ein bygde reinseanlegg for kloakk. Talet på bakteriar er derimot framleis relativt høgt. I lag med andre byar og busetnader langs Isar har ein sett seg eit mål om at bakterienivået i elva skal reduserast så mykje at det skal vere mogeleg å bade i elva. Om ein klarar dette vil München vere ein av få storbyar i Europa der det er mogleg. Sjølv om kloakkreinseanlegga, og stråling med ultrafiolett lys på delar av elvevatnet, fører til sterk reduksjon av talet på bakteriar, renn det likevel mykje ureina vatn ut i elva i samband med kraftig nedbør.

Det er fleire verna område langs Isar, både naturreservat (Naturschutzgebiet), landskapsvernområde (Landschaftsschutzgebiet) og område der fuglelivet er verna (Vogelschutzgebiet). Mellom anna finn ein naturreservatet «Vogelfreistätte Mittlere Isarstauseen» nordaust for Moosburg. Dette området er ein viktig kvilestad for trekkfuglar. Ein har funne opp mot 260 forskjellige artar, mellom anna makrellterne og blåstrupe. Ved munningen til Isar finn ein landskapsvernområdet «Untere Isar» og naturreservatet «Isarmündung».

Flora og fauna endre

Samansetnaden av dyre- og plantelivet ved og i elva er blitt kraftig påverka av menneskelege aktivitetar sidan 1800-talet. Oppdemmingar og flaumvern har sett ned farten på vatnet, slik at vasstemperaturen stig. Dette har ført til at fisk som lever i stille vatn har fortrengt fisk som treng kaldt, oksygenrikt vatn. Ein har freista å gjere noko med dette med betre fisketrapper og auka den lågaste vasstanden.

Totalt finn ein rundt femti artar fisk i Isar. Frå kjelda til munningen i Donau deler ein elva i tre regionar; aureregionen ned til Lengries, harr-regionen til Moosburg og barberegionen til munningen. Typiske fiskeslag som Donaulaks (Hucho hucho) og europeisk malle (Silurus glanis) er truga, men det finst aure, åbor, gjedde, vederbuk, mort, sørv, lake, suter og gjørs. Ein finn dessutan artar som er typiske for Donau, som artar av stør og niauge.

I tillegg til vanlege fuglar som måsar, svaner og stokkender finn ein òg andre, meir sjeldne artar. Mellom desse er fossekall, isfugl, gråhegre og dverglo. Makrellterna og strandsnipa blir rekna som truga ved elva. Av omsyn til desse truga fuglane, som rugar på småøyane, er det forbode å gå inn i fuglevernområda frå 15. mars til 10. august.

I 1976 kom beveren attende til Isar-deltaet og har sidan spreidd seg opp langs elva.

Særleg i det øvre området, men også nokre stader i den midtre delen, fører erosjon og sedimentering til at delar av elva blir stengd av frå resten. Desse grusområda blir først erobra av pionerplantar som alpetorskemunn, svever og klåved. Blir ikkje morenen tatt attende av elva ved flaum, kjem reinrose, einer og etterkvart ulike artar vier. Til slutt dannar det seg furuskog.

Økonomi endre

Isar er ikkje viktig for skipsfarten ettersom ein ikkje kan segla heile strekninga. Tidlegare gjekk det store mengder tømmer og anna frå Mittelwald gjennom München til Donau. Etter framvoksteren av jarnbane og lastebiltransport, blir elva nesten ikkje nytta meir. Einaste økonomiske verdi av elva er no vasskraftproduksjon, men sjølv med to milliardar kilowatt-timar utgjer ikkje dette meir enn knapt ein prosent av forbruket i Bayern.

Elvefart med flåtar har hatt eit oppsving i turistnæringa. På flåtar opp til 20 tonn drar kvar sommar rundt 50 000 turistar rundt 25 km frå Wolfratshausen til München.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Isar

47°22′29″N 11°24′43″E / 47.37472°N 11.41194°E / 47.37472; 11.41194