Isernia

kommune i Italia

Isernia er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Isernia i regionen Molise og har om lag 20 000 innbyggjarar.

Isernia
Plassering
Isernia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Molise
Isernia
Borgarmeister Avv. Gabriele Melogli
Geografi
Flatevidd
 - By

68,74 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

21 500
  313/km²
Koordinatar 41°36′N 14°14′E / 41.600°N 14.233°E / 41.600; 14.233
Høgd over havet 423 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 86170
Telefon-retningsnummer 0865
Nettstad: www.comune.isernia.it

Byen ligg på ein rygg mellom elvane Carpino og Sordo. Isernia er eit senter for produksjon av pasta, gråsteinsmurar og broderi.

History endre

Ein har funne spor etter menneske ved Isernia som er minst 700 000 år gamle, og i følgje magasinet Science er dette eit av dei eldste teikna på bruk av eld hos mennesket.

Aesernia var ein by i Samnium og ein del av området til stamma Pentri. Han vart først nemnd i skriftlege kjelder i 295 fvt. Etter at samnittane var underlagt av romarane vart det oppretta ein koloni her med latinske rettar i 264 fvt. Byen vart nemnd igjen i 209 BCE som ein av 18 koloniar som var trufast mot Roma under den tøffaste tida under den andre punarkrigen. Under forbundsfellekrigen støtta han Roma og vart forsvart mot samnittargeneralen Vettius Cato av Marcus Claudius Marcellus, men måtte gje tapt i 90 fvt. etter ei lang omleiring. Romarane tok byen tilbake i 84 fvt. og vart så hardt råka at Strabo omtalar byen som fullstendig forlaten.

Både Julius Cæsar og Augustus sende koloniar til staden, men utan suksess før Nero koloniserte staden på ny. I dag kan ein framleis sjå ruinane av ein akvedukt og ei romersk bru.

Etter fallet til Romarriket vart Isernia fleire gonger rasert. Han vart øydelagd av sarsenarane i 800, plyndra av Markward av Anweiler, greve av Molise, i 1199, og sett i brann i 1223 av soldatane til Fredrik II. I 1519 vart han frigjort av Karl V av Det tysk-romerske riket og vart ein fri by.

Jordskjelv i 847, 1349, 1456 og 1805 førte til store øydeleggingar.

På grunn av bruene over elva i byen vart byen bombardert under den andre verdskrigen.

I 1970 vart Isernia hovudstad i provinsen med same namn, etter at provinsen vart oppretta frå delar av provinsen Campobasso.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Isernia

Kjelder endre