Isfjell er ismassar som flyt laust i havet etter å ha brote laus frå ein isbre eller innlandsis. Små isfjell kan «kalva» ned bratte bresider, større fjell vert brotne laus av tidvatnet. Isfjell kan driva lange leier og vera farlege for sjøferdsla. Fyrst til å tyda ut korleis isfjell kom til, var russaren Mikhail Lomonosov.

Isfjell ved Kapp York på Grønland.
Eit isfjell som har losna frå Perito Moreno-isbreen i provinsen Santa Cruz i Argentina.
Isfjell i Bransfieldsundet i Sørishavet.

Geografi endre

Nord i verda vert dei fleste isfjella danna i mai, medan ein har få fjell mellom august og januar. Dei fleste isfjella her kjem frå Grønland og vert førte av Labradorstraumen mot Newfoundlandbankane, der dei typisk når fram til 43°N. Det kjem også mindre isfjell frå andre landområde i Arktis, som Svalbard. Isfjella herfrå driv med havstraumane søretter eller går på grunn og vert stort sett liggjande stille til dei smelter. Mange isfjell på veg søretter flyt framom austsida av Bjørnøya, men vert tekne av havstraumar og førte nordetter att på vestsida av Bjørnøya. Det vart observert isfjell ved kysten av Finnmark i 1881 og 1929. Hendinga sumaren 1881 bar åt etter eit langt bel med nordlege vindar. Isfjell frå brear på Franz Josef land kan koma inn mot Kolahalvøya.

I Sørishavet vert det danna digre isfjell ved kantane av innlandsisen på Antarktis. Desse bryt laus frå isbremmar frå hovudflaket og har flate oversider og loddrette sidevegger. Dei største kan ha ei flatevidd på fleire tusen kvadratkilometer, og ei høgd på opptil 60 meter over vatnet. Dei store sørlege isfjella kan driva så langt nord som til 40° S.

 
Illustrasjon som viser kor stort eit isfjell kan vera under vassyta i høve til den synlege massen.

Fysiske eigenskapar endre

Ein av grunnane til at isfjell er so farlege, er at dei som regel er mykje større under vassyta enn det som er synleg over vatn. Dette for di tettleiken i rein is er ca. 920 kg/m³ og tettleiken åt sjøvatn er ca. 1025 kg/m³. Difor ligg vanleg om lag 90 prosent av eit isfjell under vassyta.

Isfjellet B15 er det største som nokosinne er registrert. Det losna frå Rossbarrieren i 2000 og hadde eit areal på 11 000 km². I november 2002 kløyvde B15 seg i to.

Ei kjend ulukke forårsaka av eit isfjell er Titanic-forliset nord i Atlanterhavet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Isfjell