Isfjorden i Romsdalsfjorden

Isfjorden er den inste fjordarmen av Romsdalsfjorden i Rauma kommune i Romsdal. Fjorden strekkjer seg 6,5 km austover til bygda Isfjorden i botn av fjorden.

Isfjorden i Romsdal

Fjorden har innløp mellom Åndalsnes i sør og Uraneset i nord. Elva Isa munnar ut i fjorden ved bygda Isfjorden.

Riksveg 64 går på begge sider av fjorden.