Isfjorden på Svalbard

Isfjorden er ein fjord på vestsida av SpitsbergenSvalbard. På sørsida av fjorden ligg halvøya Nordenskiöld land, på nordsida Oscar II land og Dickson land. Munningen av fjorden er prega av avrunda fjell av folda grunnfjell. På sørsida, innanfor Armen Grønfjorden, er det platåforma fjell opp mot 1000 meters høgd. Desse fjella er av avleiringar frå Devon og tertiær-tida, og dei tertiære laga inneheld kol.

Frå Isfjorden.
Foto: Jerzy Strzelecki
Isfjorden.

Rundt fjorden ligg fleire av dei nåverande og tidlegare busette områda på Svalbard: Barentsburg, Longyearbyen og dei nedlagde Pyramiden, Colesbukta og Grumant. Yttarst i fjorden, på sørsida, ligg den nedlagde radiostasjonen Isfjord radio. Fjorden er 102 km lang og er den nest lengste fjorden på Svalbard etter Wijdefjorden. På det breiaste er han om lag 24 km brei. Frå Isfjorden går det av fleire fjordar: Grønfjorden (med Barentsburg), Adventfjorden (med Longyearbyen), Sassenfjorden som inst heiter Tempelfjorden, Billefjorden (med Pyramiden) og Nordfjorden som delar seg i Dicksonfjorden og Ekmanfjorden.

På grunn av lokale klimatiske tilhøve har nordsida av Isfjorden fleire brear som ender med fronten i sjøen. På sørsida finst det berre brear inst i Grønfjorden, og desse endar på land. Det ligg tre fuglereservat i Isfjorden, på Kapp Linné, Bohemanneset og Gåsøyane.

Kjelde endre

Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).

78°17′28″N 14°57′18″E / 78.29111°N 14.95500°E / 78.29111; 14.95500

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.