Ishimmel, isblink, islyse eller isglan er eit kvitt eller gulaktig gjenskin på undersida av skyene som kjem av at ei isflate reflekterer lyset opp mot skyene. Det er hovudsakleg å sjå ved lågt skydekke, som stratus og stratocumulus.

Pakkis kan på denne måten gje seg til kjenne på stor avstand. Tilsvarande ser ein mørk vasshimmel over open sjø, så fenomenet kan utnyttast til navigering i delvis islagte havområde. Dette har vorte utnytta av inuittar[1] og ved utforskinga av nordvestpassasjen.

Snøhimmel endre

Liknande fenomen er snøblink eller snøhimmel og landhimmel som kjem av den forskjellige lysrefleksjonen frå ei snødekt vidde og eit relativt snøfattig skoglandskap. Dette er tydleg om våren når snøen har falle frå trea og byrja å smelte, medan det enno er samanhengande snødekke i fjellet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«ishimmel» i Store norske leksikon, snl.no.