Islas Chafarinas er ei gruppe på tre småøyar i Middelhavet utanfor kysten av Marokko. Dei har eit samla areal på 0,525 km² og ligg 45 km aust for Melilla og 3,3 km utanfor den marokkanske byen Ra'su l-Ma'. Islas Chafarinas er underlagt Spania og er eitt av fleire spanske område i Nord-Afrika utanfor den marokkanske kysten, kjend som Plazas de soberanía.

Islas Chafarinas består av tre øyar:

  • Isla del Congreso 25,6 ha
  • Isla Isabel II 15,3 ha (med garnison)
  • Isla del Rey 11,6 ha

Øyane har vore under spansk kontroll sidan 1847 og det finst ein 190 mann stor militær garnison på Isla Isabel II, den einaste faste busetnaden i øygruppa. Folketalet har gått ned frå 426 menneske i 1900 og 736 menneske i 1910.

I 1980- og 1990-åra levde dei siste middelshavsmunkeselane i spansk territorium her før dei forsvann på 1990-talet.[1]

Plazas de soberanía. Islas Chafarinas er til høgre.

Kjelder endre

35°11′N 2°26′W / 35.183°N 2.433°W / 35.183; -2.433