Isola di San Michele

San Michele, kalla «Dei døde si øy» på folkemunne, er gravplassen til Venezia. Gravplassen dekkjer heile øya. Ho er forbunde til bydelen Cannaregio, som ho ligg like nordaust for.

Murar på San Michele.

I lag med naboøya San Cristoforo della Pace var øya ein populær stad for lokale reisande og fiskarar. Mauro Codussi si Chiesa di San Michele in Isola frå 1469, den første kyrkja frå renessansen i Venezia, og eit kloster ligg på øya.

San Cristoforo vart vald ut som gravplass i 1807 og utforma av Antonio Selva. Dette skjedde under den franske okkupasjonen då det vart avgjort at det var helsefarleg å gravlegge dei døde på fastlandet. Kanalen som skilde dei to øyane vart fylt i 1836 og den større øya vart heitande San Michele. Øya fungerte ei stund òg som fengsel, men er i dag stengd. Dei døde vart ført til øya på spesielle gravgondolar, og av dei som ligg gravlagd her finn ein Igor Stravinskij, Josef Brodskij, Sergej Diaghiljev, Ezra Pound og Luigi Nono. Andre attraksjonar på øya er Cappella Emiliana.

Gravplassen er framleis i bruk, men på grunn av plassmangel vert dei døde gravne opp og plassert i massive beinhusboksar av betong i ein annan del av gravplassen, som er vanleg i fleire europeiske land.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

45°26′49″N 12°20′50″E / 45.44694°N 12.34722°E / 45.44694; 12.34722