Ein isoterm er ei linje med lik eller konstant temperatur på ein graf, eit plott eller eit kart. Ei slik linje blir òg kalla ein isoplett. Isotermar blir oftast sett på vêrkart for å vise storskala temperaturfordelingar.

Geoisoterm endre

Geoisoterm eller isogeoterm er tenkte flater i jordskorpa med same temperatur. I dei øvste laga av jordskorpa, går dei stort sett parallelt med jordoverflata, medan dei djupare ned får ei meir sfærisk form.

Isogeoterm kan òg tyde ei linje med lik årleg middeltemperatur.

Sjå òg endre