Isstokk er eit curling-aktig spel som går føre seg på is eller ein på ein berr bakke. Spelet er mest utbreidd i sørlege Tyskland og Austerrike. Deltakarane i spelet lét «stokkar» med runde føter gli over isen og prøver anten å koma nærast eit mål, eller å få stokken lengst mogleg. Ulikt curling påverkar ein ikkje friksjonen mellom stokken og underlaget.

Isstokkar.
Isstokkspel.
Vinterlandskap med fuglefelle (1565) av Pieter Bruegel den eldre. Isstokkspel nedst til venstre.

Historie endre

Eit bilete av Pieter Bruegel den eldre frå 1565 viser eit isstokkaktig spel. I 1930 blei idretten organisert. Eit tysk isstokkforbund blei danna i1934 og den første tyske meisterskapen blei halden i 1936.

Isstokk var demonstrasjonssport i Vinter-OL i 1936 og 1964.

Den første europameisterskapen blei halden i 1951 og den første verdsmeisterskapen i 1983, etter at Det internasjonale isstokkforbundet blei danna. Totalt er det 40 land som speler isstokk.