Italiensk Somaliland

Italiensk Somaliland var ein italiensk koloniAfrikas horn. Han blei skipa som eit protektorat gjennom avtaler med fleire somaliske sultanat på 1880-tallet. I 1936 blei det til ein koloni som del av Italiensk Aust-Afrika etter etter den andre krigen mellom Italia og Etiopia, som enda med at Italia okkuperte Etiopia. Frå 1941 blei Italiensk Somaliland administrert av det britiske militæret fram til 1950. Deretter blei det eit SN-tilsynsområde under italiensk administrasjon fram til 1960, då regionen blei slått saman med Britisk Somaliland for å forme staten Somalia.[1]

Kjelder endre

  1. Naghizadeh, Mikael Hiberg (23. august 2023). «Italiensk Somaliland». Store norske leksikon (på norsk).  Fri artikkel.