Italiensk geografi

Italia er eit land i Sør-Europa. Landet består av Den italienske halvøya, som strekkjer seg ut i Middelhavet forma som ein støvel, og dei store øyane Sicilia og Sardinia. Den italienske halvøya ligg mellom Adriahavet i aust og Liguriahavet og Tyrrenhavet i vest, medan Det joniske havet ligg i sør. Sicilia ligg vest for «tuppen» av støvelen på andre sida av Messinasundet, medan Sardinia ligg på andre sida av Tyrrenhavet, mellom Korsika og Tunisia.

Topografisk kart over Italia
Italia sett frå verdsrommet
Sør-Italia og Sicilia på eit kart frå 1849

Italia har eit totalt landareal 301 230 km² , og om ein ser bort frå innsjøar, vatn, isbrear og elvemunningar større enn 1 km² vert landarealet i 294 020 km². Italia grensar til Slovenia (232 km) i nordaust, Austerrike (430 km) og Sveits (740 km) i nord, og Frankrike (488 km) i nordvest. I tillegg ligg dei to miniputtstatane Vatikanstaten (3,2 km) og San Marino (39 km) på Den italienske halvøya.

Inndeling endre

Italia er delt inn i 20 regionar (regioni, i eintal regione). Fem av desse har ein særskild autonom status som gjev dei rett til å vedta lover på nokre spesifikke lokale område. Regionane er vidare delt inn i 109 provinsar (province) og 8 101 kommunar (comuni).

Topografi endre

Det italienske fastlandet består av tre topografiske område. Alpane lengst nord, Posletta sør for Alpane og Appenninane som dannar ryggraden sørover langs Den italienske halvøya.

Fjell endre

 
Tre Cime di Lavaredo i Dolomittane

Bortsett frå området rundt Posletta er Italia alt i alt svært fjellendt og kupert. Dei høgaste fjella finn ein i Alpane, og i Dei graiiske Alpane på grensa til Frankrike ligg Mont Blanc (Monte Bianco) som er det høgaste fjellet både i Italia, Frankrike, Alpane og den vestlege delen av Europa (og heile Europa om ein ikkje reknar Store Kaukasus, der Elbrus på 5 642 moh er høgare, som ein del av Europa). Den nordlege grensa til Italia følgjer som regel vasskiljet i Alpane frå Dei liguriske Alpane til Dei karniske Alpane i aust. I aust finn ein òg Dolomittane med dei karakteristisk utforma fjella.

Appenninane strekkjer seg frå Dei maritime Alpane nordvest i landet og sørover langs heile Den italienske halvøya. Dei høgaste fjella i Appenniane finn ein Gran Sasso-massivet i Abruzzo, om lag midt på halvøya, der Corno Grande på 2 912 meter over havet er det aller høgaste. På Corno Grande ligg òg den sørlegaste isbreen i Europa, Calderonebreen, men varmare klima gjer at denne er i ferd med å forsvinne for godt.

Vulkanar endre

 
Etna
For meir om dette emnet, sjå vulkanar i Italia.

I tillegg til å vere eit fjellendt land har Italia fleire vulkanar, mellom anna den einaste aktive vulkanen på det europeiske fastlandet. Ein har tre hovudgrupper med vulkansk aktivitet i Italia. Ei linje med vulkanar går nordvestover langs dei sentrale delane av det italienske fastlandet (den campanianske vulkanbogen), ei gruppe nordaust for Sicilia og ei anna gruppe rundt øya Pantelleria i Middelhavet. Tre av vulkanane i Italia er aktive og har hatt utbrot dei siste hundre åra, Etna på Sicilia (kontinuerleg aktiv), Stromboli, ei av Dei eoliske øyane (kontinuerleg aktiv) og Vesuv, nær Napoli (siste utbrot i 1944), som er den einaste aktive vulkanen det europeiske fastlandet. Både Vesuv og Etna vert rekna som ein av seksten dekadevulkanar i verda av Dei sameinte nasjonane. Dette er vulkanar som vert rekna som ekstra farlege på grunn av deira tidlegare store, øydeleggande utbrot og plassering nær folkesette område. Ein annan vulkan i Dei eoliske øyane er Vulcano som har gjeve opphav til ordet «vulkan». Denne er derimot sovande.

Elvar og innsjøar endre

 
Tiber i Roma, den tredje lengste elva i Italia
For meir om dette emnet, sjå Elvar i Italia.

Dei to største elvane i Italia finn ein nord i landet, Po med ei lengd på 652 km og Adige på 410 km. Po har gjeve namn til Posletta, som både ho og Adige renn over. Mange av sideelvane til Po og Adige er òg store elvar i Italia. Av store sideelvar til Po finn ein Dora Baltea (160 km), Sesia (138 km), Ticino (280 km), Adda (313 km), Oglio (280 km) og Mincio (194 km) frå Alpane og frå Appenninane Tanaro (276 km), Trebbia (115 km), Taro (126 km), Secchia (172 km) og Panaro (148 km).

Andre store elvar er Tiber, som Roma vart grunnlagd ved, på 405 km, Arno (241 km), Piave (220 km), Reno (211 km), Volturno (171 km), Tagliamento (170 km), Ombrone (171 km), Brenta (160 km) og Chiese (160 km).

Dei største innsjøane i Italia ligg i nord. Gardasjøen er den største med eit areal på 370 km², medan Lago Maggiore (212.5 km²) og Comosjøen (146 km²) er dei nest største. Luganosjøen (48,7 km²), som strekkjer seg over grensa til Sveits er òg ein kjend innsjø i Alpane.

Dei største innsjøane på Den italienske halvøya er Trasimenosjøen (128 km²) Bolsenasjøen (113,5 km²) og Braccianosjøen (56,76 km²)

Øyar endre

Dei største øyane i Italia er Sicilia (25 708 km²) og Sardinia (24 090 km²), som òg er dei to største øyane i heile Middelhavet. Mange mindre øyar ligg langs kysten av Italia, men svært få i Adriahavet (bortsett frå øyane i Den venetianske lagunen) og Det joniske havet.

Av øygrupper i Italia finn ein Dei eoliske øyane nord for Sicilia, Dei egadiske øyane vest for Sicilia, Campanoøyane i Napolibukta, som inkluderer Dei flegreiske øyane og den kjende Capri, Maddalenaøyane i Bonifaciosundet mellom Korsika og Sardinia, Dei pelagiske øyane sør for Sicilia mellom Malta og Tunisia, Dei pontinske øyane i Tyrrenhavet og Dei toskanske øyane mellom Tyrrenhavet og Liguriahavet.

Klima endre

Dei første vêrobservasjonane i historia vart gjort i Italia av store vitskapsmenn som Evangelista Torricelli, Galileo Galilei og andre, og det er mykje forskjellig vêr å observere i Italia. Landet strekkjer seg ut i Middelhavet og ligg midt i leia for lågtrykk som flyttar seg rundt i havområda. Når lågtrykka flyttar seg innover land gjev dei regn og torevêr, men intensiteten varierer etter kvar ein er i landet og kva tid på året det er. Alpane og Appenninane har meir vinterleg vêr, og er med på å skape lokale skilnadar i låglandet. Dei hindrar òg til dels vêrfrontar frå Atlanterhavet å passere over landet.

Podalen som går på tvers av det nordlege Italia frå Torino til Venezia har størst klimaskilnadar i landet gjennom året. Sommaren her er varm, men av og til lummer med torvêr og kraftige regnbyger om ettermiddagen. September er som regel tørr og varm med mykje fint vêr før hausten vert fuktigare og kjøligare. Frå desember til februar er dalen ofte dekt av ei kald tåke som kan ligge i dagevis. Austlege delar av Podalen er òg utsett frå den kalde boravinden frå Aust-Europa. Vinterstid er det vanleg med både regn og snø gjennom dalen, men sjeldan særleg kraftig. Dei austlege områda av Podalen er tørrare enn dei vestlege, og Venezia har t.d. ein normal årsnedbør på 770 mm, medan Milano i vest har 1017 mm.

Nord for Podalen finn ein Alpane som har kjøligare og fuktigare vêr, og i høgda her har ein alpint klima. Om vinteren kan det vere sol og klårvêr i høgda, medan Podalen ligg dekt av tåke. I høgder på rundt 1500 m kjem det om vinteren rundt 50 cm snø kvar månad. Aostadalen er den tørraste delen av Alpane, men vinternettene kan bli svært kalde. Om hausten kan det innimellom regne svært kraftig i dei sørlege fjellsidene av Alpane, noko som kan føre til flaum. Det kjem stort sett meir nedbør i den italienske delen av Alpane enn resten av fjellområdet.

Områda sør for Podalen har middelhavsklima, og nordlege byar som Firenze og Pisa har om vinteren mykje mildare vêr og meir sol enn t.d. Milano, og dei har langt mindre tåke. Roma og Napoli har enno mildare vintrar. Somrane er berre litt varmare langs vestkysten av Italia enn i Podalen, medan Adriaterhavskysten sør for Bari, særleg rundt Tarantobukta, er blant dei varmaste områda i Italia. Andre varme område er kysten rundt Det joniske havet, dei aller sørlegaste områda av Italia og Sicilia. Vinteren i dei sørlegaste områda er milde, men ofte fuktige med torevêr. Høgareliggande strøk i Sør-Italia, som vulkanen Etna, kan av og til få overraskande kraftig snøfall om vinteren. Roma har ein normal årsnedbør på 744 mm, medan Palermo på Sicilia har 512 mm.

Statistikk endre

Italiensk geografi
Geografiske koordinatar: 42°50′N 12°50′E / 42.833°N 12.833°E / 42.833; 12.833
Areal:  
  totalt: 301 230 km²
  land: 294 020 km²
  vatn: 7 210 km²
Landegrenser, totalt: 1 932,2 km
Kystlinje: 7 600 km
Maritime krav:
  Kontinental sokkel: 200 nautiske mil (370 km)
  Territorialfarvatn: 12 nautiske mil (22 km)
Klima: Middelhavsklima, alpint klima lengst nord, tørt i sør.
Terreng: Kupert og fjellendt. Norke sletter og kystlågland.
Høgder:  
  lågaste punkt: 0 m.
  høgaste punkt: Mont Blanc 4 808 m
Naturressursar: Kvikksølv, pottoske, marmor, svovel, naturgass og råolje (i nedgang), fisk, kol, dyrkbar mark.
Arealbruk:  
  dyrkbark mark: 31 %
  permanente avlingar: 10 %
  permanent beite: 15 %
  skogområde: 23 %
  anna: 21 % (1993 est.)
Irrigert land: 27 100 km²
Naturfarar: Jordskjelv, vulkansk aktivitet, snøras, jordras, jordlaup, flaum og søkkande landområde i Venezia.
Miljøproblem: Luftforureining på grunn av industriutslepp som svoveldioksid. Kysten og elvar forureina på grunn av avrenning frå industri- og jordbruksområde. Sur nedbør øydelegg innsjøar. Dårleg handsaming av industriavfall og hushaldningsavfall.
Internasjonale miljøavtalar:  
  delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, Antarktisk miljøvernsprotokoll, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, dumping til sjøs, forbod mot atomprøvespreningar, vern av ozonlaget, skipsforureining, tropisk tømmer, våtmarksområde, kvalfangst, Kyotoavtalen

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Italiensk geografi