Itumeleng Khune

sørafrikansk fotballspelar

Itumeleng Khune (fødd 20. juni 1987 i Ventersdorp) er ein sørafrikansk fotballspelar som har vore keeper for Kaizer Chiefs i den sørafrikanske fotballigaen, og for landslaget til Sør-Afrika.

Itumeleng Khune
Personleg informasjon
Fullt namn Itumeleng Isaac Khune
Fødd 20. juni 1987
Fødestad Ventersdorp
Høgd 181 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Kaizer Chiefs
Nummer 32
Ungdomsklubbar
1999-2004 Sør-Afrika Kaizer Chiefs
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004- Sør-Afrika Kaizer Chiefs 53 (0)
Landslag
2008- Sør-Afrika Sør-Afrika 19 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. mars 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010

Khune kjem frå Tshing nær Ventersdorp i North West-provinsen. Han voks opp i ein familie på seks, der faren var gruvearbeidar. Khune var først mest interessert i cricket, men bestemte seg for å bli fotballspelar for å få ein karriere som han kunne forsørgja familien med.

Khune begynte som forsvarsspelar då han først prøvespelte for Kaizer Chiefs, men han gjekk raskt over til å spela som keeper, og fekk kontrakt med Kaizer Chiefs, som er den største fotballklubben i Sør-Afrika, basert i Soweto utanfor Johannesburg. I 2004 kom han med i stallen til førstelaget til klubben.

Etter tre år som reserve på førstelaget fekk han sjansen sin tidleg i 2007/08-sesongen, då førstekeeperen Rowen Fernandez drog til tysk fotball. Han debuterte i ligaen 25. august 2007 i ein kamp mot Jomo Cosmos. Den første sesongen hans som førstekeeper, 2007/08-sesongen, vart ein stor suksess, og Kaizer Chiefs slepte berre inn 19 mål på 30 kampar. Khune vart kåra til årets nykommar og årets spelar i den sørafrikanske ligaen.

Khune var med i Sør-Afrika sin tropp til Afrikameisterskapen i 2008, utan å starta i nokon kampar. Han debuterte for landslaget i ein 2-1-siger heime mot Zimbabwe 11. mars 2008. Khune var førsteval som keeper for Sør-Afrika under Confederations Cup i 2009, der han redda ein straffe frå den spanske stjerna David Villa under gruppespelet.

Kjelder endre