Ivan IV av Russland

Ivan IV Vasiljevitsj eller Ivan den skrekkelege (25. august 153028. mars 1584), var storfyrste av Moskva frå 1533 til han døydde. I hans lange herskartid vart både Kazan-khanatet, Astrakhankhanatet, og Sibirkhanatet erobra. Russland vart etter dette ein multietnisk og multikonfesjonell stat som dekte kring 4 millionar km², det vil seie ein gjennomsnittleg auke på 130 km² per dag. I Ivan si tid endra riket han herska over seg frå å vere ein mellomaldersk nasjonalstat til eit imperium med regional makt, og han vart den fyrste tsaren i ein ny og mektigare nasjon.

Ivan IV av Russland

Viktor Vasnetsov: Portrett av Ivan IV. 1897 (Tretjakovgalleriet i Moskva)
Fødd25. august 1530
FødestadKolomenskoje
Død18. mars 1584
DødsstadMoskva
GravstadErkeengelkatedralen
Gift medAnastasija Zakharina-Jurjeva, Maria Temrjukovna, Marfa Sobakina, Anna Koltovskaja, Maria Dolgorukaja, Anna Vasiljikova, Vasilisa Melentyeva, Marija Nagaja
DynastiRurikslekten
FarVasilij III av Russland
MorJelena Glinskaja
BornDmitrij Ivanovitsj, Ivan Ivanovitsj, Fjodor I av Russland, Dmitrij av Uglitsj, Anna Ivanovna of Russia, Falske Dmitrij I av Russland, Vasilij Ioannovitj

Historiske kjelder gjev ulike framstillingar av Ivan sin samansette personlegdom. Han vart omtala som intelligent og gudfryktig, men vart tidvis rasande med ein del tilfelle der han var mentalt sjuk. Eit særleg utbrot kan ha ført til at hans utvalde arvtakar, sonen Ivan Ivanovitsj vart drepen, noko som førte til at tsartittelen gjekk over til den yngste sonen hans, den veike og kanskje mentalt tilbakeståande Fjodor I av Russland. Hans samtidige kalla han for «Ivan Grozny», eit namn som om lag tyder 'skrekkinngytande' og inneheld konnotasjonar som kraft, makt og streng.

Styre i yngre år endre

Ivan var son til Vasilij III og den andre kona hans, Elena Glinskaja. Faren vart blodforgifta og døydde då Ivan tre år gammal. Etter krav frå faren vart Ivan utropa til storfyrste av Moskva. Mor hans var regent, men ho døydde då Ivan var åtte år gammal, mange har trudd ho vart forgifta. I staden kom bojarar frå Sjuiskij-familien inn som regentar, til Ivan greip makta i 1544. I fylgje hans eigne skrifter kjende Ivan og den yngre broren Jurij regelmessig oversett og krenka av dei mektige bojarane av Sjuiskij og Belskij-familiane.

16 år gammal vart Ivan krynt til tsar med Monomakh-huva på hovudet i Uspenskijkatedralen i Moskva den 16. januar 1547. Trass ulykkelege tilstandar etter storbrannen i Moskva same året, var hans tidlege regjeringstid prega av fredelege reformer og modernisering. Ivan fornya lovverket, grunnla ein ståande hær (streltsij) og etablerte riksforsamlinga Zemskij Sobor, ei forsamling med vekt på konsensus-bygging, samt eit adelsråd. Med Stoglav sobor stadfesta han kyrkja sin posisjon. Denne knytte saman dei rituelle og geistlege reguleringane i heile landet. Han innførte lokalt sjølvstyre i landdistrikta, særleg i Nordaust-Russland. I hans regjeringstid vart og det fyrste prenteverket etablert i Russland.

Ivan fekk i stand nye handelssamband, opna Kvitsjøen og hamna i Arkhangelsk for det engelske handelskompaniet Muscovy Company. I 1552 slo han Kazankhanatet, som med hæren sin ofte hadde spreidd øydelegging i det nordaustlege Russland, og annekterte khanatet sine landområde. I 1556 annekterte han Astrakhankhanatet og øydela den største slavemarknaden ved elva Volga. Desse erobringane hindra innvandring av aggressive, nomadiske hordar frå Asia til Europa over Volga og endra Russland til ein multinasjonal og multikonfesjonell stat.

Tsaren fekk i stand bygginga av Vasilijkatedralen i Moskva til minne om erobringa av Kazan. Arkitekten Jakovlev heldt fram med å teikne fleire kyrkjer til Ivan og Kazans kremlmurar tidleg i 1560-åra, til liks med kapellet over St. Vasilij si grav som vart bygt ved Vasilijkatedralen i 1588, fleire år etter Ivan var død.

I desse åra vart det sett i verk lover som sette grenser for mobiliteten til bøndene, lover som med tida skulle føre til framveksten av liveigenskapen. Omtrent samstundes endra Ivan sin personlegdom, eit tilhøve som vert knytt til at han i 1553 sjølv var dødssjuk og at den fyrste kona hans, Anastasia Romanovna, døydde i 1560. Ivan mistenkte bojarane for å ha forgifta kona hans og å ha samansverja seg for fjerna han frå trona til fordel for syskjenbarnet hans, Vladimir av Staritsa. Medan han låg i sjukeseng hadde Ivan bedd bojarane å sverje truskapseid til den eldste sonen, då berre eit småbarn. Mange bojarar avslo, dei ansåg tsaren sin helsetilstand som håplaus med tanke på overleving. Mistrua til bojarane vart forsterka etter dette. Ivan sette i verk brutale represaliar og avrettingar. Det kosta livet til mellom anna metropolitten Filipp og fyrst Aleksandr Gorbatij-Sjuiskij.

I 1565 danna Ivan Opritsjnina. Opritsjnina var ei del av Russland, hovudsakleg i nordaust som var direktestyrt av Ivan og heldt styr over av han personlege soldatar, kalla Opritsjnikij. Systemet med Opritsjnina har nokre historikarar sett som ein reiskap mot den allmektige arveadelen i Russland. Desse adelsmennene, bojarane, sette seg kraftig mot absolutist-tendensane hos tsaren. Andre har tolka opritsjnina som eit teikn på paranoia og mentalt forfall hos tsaren. I tillegg hadde Ivan mot slutten av si regjeringstid fleire gongar gjort tilnærmingar til dronning Elisabet I av England, der han forhøyrde seg om det var råd å flykte frå Moskva og få asyl i riket hennar. Også dette har nokre sett som eit mogleg teikn på svekka mental helse.

Styre i eldre år endre

 
Abraham Ortelius: Ioannes Basilius Magnus Imperator Russic, Dux Moscovic, 1574

Den siste halvdelen av Ivan si regjeringstid var prega av langvarige krigar og kraftige angrep mot riket hans. Trass i at khanen Devlet I Giraj av Krim ofte raida landsbyar i områda kring Moskva og til og med sette Moskva i brann i 1571, støtta tsaren Jermak Timofejevitsj sine erobringar av tatarar Sibir. Denne politikken for bygging av eit imperium, førte elles til at han gjekk til sjøverts krig for å erobre land i vest. Der kom han i strid med både Sverige, Litauen, Polen og Livland, som gjennom Den tyske riddarordenen sette seg mot den moskovittiske ekspansjonen.

Livlandskrigen varte i 24 år og skadde den russiske økonomien og det russiske militæret utan at Russland vann nytt land. 1560-åra vart prega av ein kombinasjon av tørke og hungersnaud, polsk-litauiske overfall, tatarinvasjonar, og handelsblokade til sjøs iverksett av svenskane, polakkane og Hansaen forderva Russland. Prisen på korn auka tifald, og pestepidemiar kravde 10 000 liv i Novgorod. År 1570 døydde i Moskva dagleg 600-1000 av pesta. Ein av Ivan sine rådgjevarar, fyrst Andrej Kurbskij, hoppa av til Litauen, og leia litauiske troppar og herja i den russiske Velikije Luki-regionen. Denne forrådinga gjekk sterkt inn på Ivan. Medan opritsjninaen heldt fram, vart Ivan mentalt ustabil og fysisk ufør. I ei og same veka kunne han ta del i fordervelege orgiar til pinefulle faster i eit fjerntliggande kloster i nord.

Etter som han gradvis kom i ubalanse og vart valdeleg, miste han kontrollen over opritsjnikiane med leiaren Maljuta Skuratov. Desse utvikla seg til mordariske bøller som massakrerte adelsfolk og bønder, og tvangsutskreiv menn til krigsteneste i Livonia. Med fylgjer som hungersnaud og avfolking. Det klart rikaste området i Russland vart det fattigaste. Under ein krangel med den rike byen Novgorod gav Ivan ordre til opritsjnikiane om å myrde innbyggarar i byen, som aldri sidan vann tilbake sin tidlegare velstand. Fylgjesveinen hans plyndra og brende byen og landsbyane i kring. Forskarar av i dag set talet på offer til å ligge mellom to og tre tusen.

Etter å ha avslege fredsforslag frå fiendane sine, var Ivan IV i ein vanskeleg posisjon då Krim-khanatet i 1579 herja moskovittiske landområde og til med brende ned Moskva. Større delar av folket var på flukt frå krigshandlingane, på same tid var det vedvarande turke og epidemiar spreidde seg etter den langvarige krigen. Stort folketap kom som fylgje av desse tilhøva.

Den langvarige krigen hadde nærast øydelagd økonomien. Opritsjnina hadde grundig splitta opp statsstyret, medan storfyrstedømet Litauen hadde gått i forbund med kongeriket Polen under ein handlekraftig leiar, Stefan Batory. Frå 1576 fekk han støtte frå Russlands fiende i sør, det ottomanske riket. Ivan sitt rike var då i skvis mellom to av stormaktene i samtida.

Etter dei mislukka forhandlingane, svara Batory med tre påfylgjande angrep mot storfyrstedømet Moskva i kvar av krigssesongane 1579-81. Målet var å skilje kongedømmet Livonia frå dei moskovittiske territoria. Under det fyrste angrepet i 1579, tok han med 22 000 mann tilbake Polotsk. Året etter erobra han Velikije Luki med ein hær på 29 000 mann. Til sist, i 1581, byrja han kringsetjinga av Pskov med ein styrke på 100 000 mann.

 
Ilja Repin:Ivan den skrekkelege og sonen Ivan om fredagen 16. november 1581 (1885), Tretjakovgalleriet i Moskva

Til skilnad frå Sverige og Polen makta ikkje Fredrik II av Danmark-Noreg å vidareføre krigen mot storfyrstedømet Moskva. Han kom til semje med Johan III i 1580 som fekk rettane hans til Livland. Krigen varte frå 1577 til 1582. Fyrst i 1582 godtok storfyrstedømet Moskva at Polen-Litauen kontrollerte Hertugdømet Livland. Etter Magnus av Øsel døydde i 1583, invaderte Polen territoria hans i Hertugdømet Kurland. Fredrik II selde då arverettane sine. Med unnatak for øya Saaremaa var Danmark frå 1585 ute or den baltiske regionen.

I 1581 banka Ivan den gravide svigerdottera for å vere uanstendig kledd, noko som kan han ført til ein spontanbort. Sonen, som også heitte Ivan Ivanovitsj, byrja etter dette å krangle med far sin, noko som leia til at Ivan slo sonen sin i hovudet med den tilspissa staven sin, sonen døydde brått. Denne hendinga er skildra i Ilja Repin sitt berømte måleri, Ivan den skrekkelege og sonen Ivan om fredagen 16. november 1581.

Ivan sjølv skal ha døytt medan han sette opp eit sjakkbrett sendt til han av Bogdan Belskij, i påvente av at Boris Godunov skulle kome og spele med han, eller kanskje spela han sjakk med same Belskij den 18. mars 1584. Etter Ivan døydde, gjekk styringsmakta i det herja kongedømmet over til den uskikka og barnlause sonen Fjodor I.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ivan IV av Russland