Iver Magnussen Hesselberg

gardbrukar, offiser og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Sjå òg Iver Hesselberg (II)

Iver Magnussen Hesselberg (4. november 176226. januar 1838) var ein skipper, offiser og eidsvollsmann frå Larvik. Han var far til Magnus Hesselberg.

Iver Magnussen Hesselberg
Fødd4. november 1762
Larvik
Død26. januar 1838 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSjølvstendepartiet
YrkeSkippar og gardbrukar
BarnMagnus Hesselberg
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814) Sjå dette på Wikidata
Minnebauta over Iver Hesselberg og Ole Olsson Amundrød ved Tjølling kyrkje

Hesselberg var son av ein kjøpmann og skipsreiar. Han vart tidleg foreldrelaus og arbeidde som sjømann. Berre fem år gammal, skal han ha vore på sin fyrste sjøtur. Under krigen mot Sverige i 1788 var han nestkommanderande på ein galei som støtta hæren under landgang i Båhuslen.

Etter krigen 1788 byrja Hesselberg i koffardifart, fram til 1805 var han skipper. Under krigen mot England mista han skipet sitt. Elles var han då seksjonssjef i kystvernet.

I 1801 kjøpte han garden Brekke i Tjølling i Vestfold og busette seg der. Her dreiv han eit skipsbyggeri. Han var elles medlem av forlikskommisjonen i bygda i mange år.

Hesselberg var i 1814 1. utsending frå Larvik grevskap til riksforsamlingaEidsvoll. Han stemte truleg med Sjølvstendepartiet.

Han døydde på garden sin i Tjølling i 1838.

Kjelder endre