Iwi er dei største samfunna av maoriarNew Zealand. I føreuropeisk tid var uttrykket iwi synonymt med nasjon; det gav uttrykk for det samfunnet ein person rekna seg som medlem av og kjende truskap og forpliktingar til. Etter kvart som det newzealandske samfunnet har utvikla seg til ei mykje større sosial eining, har nemninga fått ei tyding analog til «stamme» eller «klan».

Iwi-grupper kan føra slekta si attende til dei opphavlege maoriinnvandrarane som kom frå Hawaiiki, i alle fall etter tradisjonen.

Bein og røter endre

På maori tyder iwi også 'bein'. Maoriforfattaren Keri Hulme gav den mest kjende romanen sin namnet The Bone People, ein tittel direkte knytt til den doble meininga 'bein' og 'stammefolk' (boka fekk Man Booker Prize i 1985.) Den som kjem heim etter ei reise eller etter å ha budd ein annan stad «kjem attende til beina», i tydinga attende til der forfedrane er gravlagde. Mange samfunn vil her bruka nemninga «røter».

Mange iwi samlar seg i større grupper kalla waka (bokstaveleg kalla kanoar som viser til dei opphavlege kanoane maorifolket kom til New Zealand i). Kvar iwi kan vera delt i fleire undergrupper kalla hapu. Iwien Ngāti Whātua består t.d. av desse hapuane: Te Uri O Hau, Te Roroa, Te Taou og Ngāti Whātua ki Orakei.

Trass i flytting innanfor New Zealand og giftarmål med ikkje-maoriar gjennom eit par hundreår, består dei fleste iwiar enno. Dei har etter kvart fått synleg politisk makt som dei særleg nyttar til å vinna attende landområde og andre rettar som dei er blitt fråtekne dei gjennom dei siste 150 åra. Eit døme på dette er semja mellom den newzealandske staten og Ngāi Tahu iwien som gir kompensasjon for tap av ulike rettar som denne iwien var garantert i Waitangitraktaten av 1840.

Utfordring frå urbane maoriar endre

I dei seinare åra har «urbane maoriar» utfordra dei etablerte stammebaserte (iwi-baserte) maori-maktsentera. Urbane maoriar er grupper av menneske som ikkje legg skjul på at dei er maoriar, men enten vel å ikkje identifisera seg med ein særskild iwi, eller ikkje er i stand til det (vanlegvis fordi dei ikkje kjenner til kva iwi dei stammar frå). Ein person av maori-ætt kan òg velja å støtta stammelause strukturar fordi eksisterande iwiar ikkje er av verdi for han, eller han meiner at iwi ikkje er i stand til å støtta han, synspunkta eller interessene hans.

Nokre kjende iwi endre

 
Kart over plasseringa av ulike iwiar på New Zealand.

Kvar iwi har tilhald i eit definert område (rohe), men mange av desse overlappar kvarandre, somme fullstendig. [1] Arkivert 2007-03-10 ved Wayback Machine.. Dette har vore ein kompliserande faktor i til dømes langvarige drøftingar og rettssaker om forståing og løysing av tidlegare tiders inngåtte avtalar mellom styresmaktene og maorifolket.

Bakgrunnsstoff endre