Járos (gresk Γυάρος) eller Joúra (gresk Γιούρα), òg skrive Gyaros, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya er ikkje busett og har eit areal på 23 km². Øya er ein del av kommunen Sýros-Ermoúpoli, som høyrer til periferieininga Sýros i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Járos
Lokalt namn Γυάρος
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°37′N 24°43′E / 37.617°N 24.717°E / 37.617; 24.717
Øygruppe Kykladane

Areal 23 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Dei sørlege egeiske øyane
Sýros
Sýros-Ermoúpoli

Demografi
Folketal 0 (2011[1])

Járos og andre småøyar i Egearhavet fungerte som eksil for viktige personar tidleg i romartida. Venstrevendte politiske dissidentar i Hellas vart òg haldne i eksil her frå 1948 til 1974. Minst 22 000 vart halde i eksil eller i fengsel på øya i løpet av denne perioden.

Mytologi og tidleg historie endre

Járos og Mýkonos skal ha vore dei to øyane som guden Apollon knytte fast den heilage øya Dílos i, slik at ho ikkje flaut rundt i Egearhavet. I forteljinga om krigen mellom Minos og Aegeus, kongen av Aten, skriv diktaren Ovid at Járos var ein av øyane som nekta å delta i felttoget mot kongen av Kreta.

Eksiløy for romarane endre

Øya fungerte som ein stad der romarane sende folk i eksil. Mellom anna skal Silanus, prokonsulen av provinsen Asia ha vorte skulda for utpressing og høgforræderi, og det var føreslått i Det romerske senatet at han skulle sendast til Járos. Keisar Tiberius sende han i staden til naboøya Kýthnos sidan Járos var «fråstøytande og blotta for menneskeleg kultur».

Eksiløy på 1900-talet endre

Ein raud murbygning var nytta som fengsel frå 1948 til 1953 og heldt om lag titusen mann frå den greske motstandsrørsla Ethniko Apeleftherotiko Metopo (EAM). Fengselet vart igjen nytta frå 1957 til 1964 og under det greske militærdiktaturet i 1967-1974.

Den greske regjeringa nytta øya som skytefelt for den greske marinen fram til 2000. Etter den tid har øya vore open for ålmenta.

Referansar endre

Kjelder endre