Jåttå
Jåttå er namn på eit område i Hinna bydel i Stavanger. I området ligg Fellesoperativt hovudkvarter (FOHK) og NATO sitt Joint Warfare Centre (JWC). Anlegga ligg rett ved Stavanger kommune sitt høgaste punkt, Jåttånuten (139 moh).
Jåttå | |||
bydel | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Jåttå 58°54′56″N 5°43′36″E / 58.91555556°N 5.72666667°E |
I Jåttåvågen vart Viking Stadion opna i 2004. Ved stadionet er det oppretta ein ny haldeplass på jarnbanen Jærbanen, Jåttå haldeplass. Haldeplassen er i bruk når det er tilskipingar på stadion.