Jørgen Aall, den yngre

norsk politikar

Hans Jørgen Christian Aall (4. november 180624. februar 1894) var ein norsk jurist, embetsmann og politikar.

Jørgen Aall, den yngre

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. november 1806
Holt kommune
Død

24. februar 1894 (87 år)
Christiania

Yrke jurist, politikar
Språk norsk
Far Jacob Aall
Mor Lovise Andrea Stephansen
Jørgen Aall, den yngre på Commons

Aall var fødd på Nes jernverk og var son av eidsvollmannen Jacob Aall. Han vart student frå Drammen i 1822. Til å byrje med studerte han filologi, men gjekk over til jus. I 1827 vart han cand. jur., og var deretter fullmektig hos Søren Anton Wilhelm Sørenssen.

År 1829 vart Aall auditør i Bergenske brigade, og attåt dispasjør frå 1838. Frå 1840 var han assessor i Bergens stiftsoverrett. Nokre år var han ordførar i Bergen.

I 1846 vart Aall amtmann i Bratsberg amt. Han budde i Gjerpen, ei tid hadde han kontor på storgarden Borgestad. Aall arbeidde iherdig for å få bygt jarnbane frå Drammen til Skien, og for kanalane i Skiensvassdraget. Han hadde ein stor del av æra for at Skotfosskanalen vart bygt. Denne letta tømmerfløtinga og gjorde at båtar frå telemarksvatna kunne sigle til Skien og til sjøs. Ei byste av han vart i 1897 reist ved slusene på Løveid i Skotfoss.

Aall var ordførar i Bergen 1839-41, 1843-44 og 1846. Han var stortingsrepresentant for Bergen by i 1842 og 1845. I 1842 var han sekretær i kriminallovkomiteen iog i komiteen om embetsgardar, medan i i 1845 var president i Odelstinget og formann i justiskomite nr 2. Aall kom på Stortinget på nytt i 1851, men representerte då Bratsberg amt. Også i 1854, 1859–60, 1862–63, 1864 og 1868–1869 representerte han amtet på Stortinget. Han var frå 1851 stortingspresident på alle desse tinga, med unnatak for det overordentlege storting i 1864, då var han visepresident. Aall var formann for valkomiteen i 1851 og i 1854, for militærkomité nr 2 i 1851, for både fullmaktskomiteen og adressekomiteen i 1854, for vegkomiteen i 1859-60, for militærkomiteen i 1862-63, og for stemmerettskomiteen i 1868-69.

I 1865 var Aall formann i ein kommisjon om Kongsberg sølvverk, og frå 1878 var han formann i hovudskylddelingskommisjonen.

Då Aall i 1877 gjekk av som amtmann, fekk han borgardådsmedaljen i gull. Samstundes gav Stortinget han kr 6 000 kroner i årleg pensjon, «som Anerkjendelse af hans Fortjenester af Fædrelandet».

Aall, som medan han var amtmann i Bratsberg hadde budd i Gjerpen, flytta til Christiania då han gjekk frå embetet. Han døydde i hovudstaden i 1894.

Kjelder endre