Jüdischer Friedhof Berlin-Weißensee

Jüdischer Friedhof Berlin-Weißensee ('den jødiske gravlunden i Berlin-Kvitesjø') er ein jødisk gravlund i Berlin som vart opna i 1880. Det er den største jødiske gravlunden i Europa, og ei rad vektige personar er gravlagde på gravlunden. Det jødiske trussamfunnet og byen Berlin har gjort framlegg om å taka med gravlunden på UNESCOs liste over verdas kulturarv.

Graver
Overgrodd mausoleum

Historie endre

I andre halvdelen av 1800-talet viste det seg at på grunn av den sterke veksten til det jødiske trussamfunnet i området ville gravlunden i Schönhauser Allee, som det jødiske trussamfunnet hadde brukt frå 1827, snart vera fullt belagt. Trussamfunnet kjøpte difor ein 42 hektar stor eigedom i den dåverande forstaden Weissensee. Ein arkitektkonkurranse frå 1876 gav ingen tilfredsstillande resultat, og planane måtte omarbeidast fleire gonger, før arkitekten Hugo Licht fekk oppdraget å utforme gravlunden. Lichts planer omfatta ein totalplan for gravlunden samt ei rad bygningar, ein mur og inngangsport. Arbeidet med gravlunden byrja i 1879, og året etter kunne han opnast.

I byrjinga var det berre enkle graver, men fort oppstod det også praktgraver for byens velståande jøder. Omkring 1900 hadde gravlunden eit areal på over 400 000 m2.

Gravene er ordna i 120 felt som har strenge geometriske former. Hovudinngangen ligg ved enden av Herbert-Baum-Straße. Ein ekstra inngang i den noverande Indira-Gandhi-Straße som vart opna i 1924, er i dag stengd. Det finst 150 000 graver på gravlunden. Det står store tre på større delar av området, og mange gravfelt er overvaksne med eføy.

I nærheten av den stengde inngangen i Indira-Gandhi-Straße vart det ved slutten av første verdskrigen kring 1917/18 anlagt eit eige æresfelt for falne jødiske soldatar.

Kjende personar som er gravlagde på gravlunden endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jüdischer Friedhof Berlin-Weißensee