Jabloko eller Det russiske demokratiske partiet «Jabloko» (russisk Росси́йская Демократи́ческая Па́ртия «Я́блоко», Rossijskaja demokratitsjeskaja partija “Jabloko”) er eit politisk parti i Russland. Jabloko er eit liberalt parti og medlem av Den liberale internasjonale, og er soleis å rekna som eit søsterparti av Venstre i Noreg. Det reknar seg som del av den demokratiske opposisjonen til president Vladimir Putin. Namnet kjem opphavleg frå forbokstavane til dei tre grunnleggjarane, Grigorij Javlinskij, Jurij Boldyrjov og Vladimir Lukin, ordet jabloko tyder òg ‘eple’. Leiar sidan starten er Grigorij Javlinskij.

Jabloko


LandRussland
Partileiar(ar)Grigorij Javlinskij
GeneralsekretærGrigorij Javlinskij
GrunnleggjararGrigorij Javlinskij
Grunnlagt1993
HovudkvarterMoskva
Medlemstal16 100 (2021)[1]
IdeologiSosialliberalisme, proeuropeisk, progressivisme, Sosialdemokrati, kristendemokrati, reformisme, alternativ globalisering, føderalisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrisme[2][3][4][5][6]

Jabloko oppstod som ein valallianse før det russiske parlamentsvalet i 1993. Alliansen fekk 7,9 % av røystene ved dette valet, men har ved seinare val ikkje klard å auka stemmetalet sitt. I januar 1995 vart det organisert som eit politisk parti. Jabloko støtta marknadsreformer, men ikkje til ein kvar pris og på alle område, som til dømes helse, utdanning, kultur eller miljøvern. Jabloko kallar seg difor eit sosialliberalt parti. Jabloko har vore svært kritiske til krigen i Tsjetsjenia.

Etter at Vladimir Putin kom til makta har partiet åtvara mot innskrenkingar i demokratiske rettar i Russland. Ved parlamentsvalet i 2003 hamna partiet under sperregrensa på 5 % og fekk berre valt inn fire representantar i enkeltmannskrinsar. Javlinskij skulda Putin for valfusk for å hindra at Jabloko og eit anna demokratisk parti, Unionen av høgrekrefter, skulle koma inn i parlamentet. Ved presidentvalet i 2004 stilte Jabloko difor ingen kandidat. Det var mykje snakk om samling av demokratiske parti og rørsler før parlamentsvalet i 2007 og presidentvalet i 2008. Som eit første steg i denne retninga stilte Jabloko og Unionen av høgrekrefter felles liste til valet til byparlament i Moskva i 2005. Denne lista fekk 11,1 % av røystene. Men etter dette vart det ikkje meir av planane om samanslåing.

Leiaren Grigorij Javlinskij har heile tida vore den heilt dominerande personen i partiet. Han stilte som presidentkandidat i 1996 og 2000.

Valresultat for Jabloko endre

Val til dumaen 1993-2007
Årstal Prosent av stemmene
1993 7,9 %
1995 6,9 %
1999 5,9 %
2003 4,3 %
2007 1,6 %
2011 3,43 %
      Grigorij Javlinskij i presidentval
Årstal Prosent av stemmene
1996 7,3 %
2000 5,8 %

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre