Jacob Jordaens (19. mai 159318. oktober 1678) var ein flamsk målar under barokken, fødd og død i Antwerpen. Saman med Peter Paul Rubens og Anthonis van Dyck syrgde han for at den såkalla Antwerpen-skulen fekk eit eit framifrå ry for sine måleri og andre biletverk.

Jacob Jordaens

Statsborgarskap Dei sørlege Nederlanda
Fødd 19. mai 1593
Antwerpen
Død

18. oktober 1678 (85 år)
Antwerpen

Yrke kunstmålar, teiknar, grafikar
Sjanger portrett, historiemåleri, religiøst maleri, mytologisk maleri, sjangermåleri, landskapsmåleri, sjangerkunst
Medlem av Antwerpen Sankt Lukas Gilde
Religion Protestantisme
Ektefelle Catharina van Noort
Born Jacob Jordaens (II), Elisabeth Jordaens, Anna Catharina Jordaens
Jacob Jordaens på Commons

Liv og gjerning endre

 
Sjølvportrett med kone og dottera Elisabet, 1621/22
 
Dei fire evangelistane, ca. 1625-30

Jordaens gjekk mellom 1607 og -15 i lære hos målaren Adam van Noort i heimbyen. I unge år samarbeidde Jordaens med ein annan av Noorts elevar, Peter Paul Rubens, og tok sterke inntrykk av han. Til liks med Rubens måla Jordaens altartavler, både mytologiske og allegoriske bilete. Etter Rubens døydde i 1640 var Jordaens den fremste målaren i Antwerpen kva gjaldt oppdrag for dei store formata. Elles viser Jordaens sine måleri ein tydeleg påverknad frå den italienske målaren Caravaggio og hans bruk av chiaroscuro. Også norditalienske målarar som Jacopo Bassano og Paolo Veronese har gjeve impulsar til Jordaens. Han let seg også inspirere av dei realistiske uttrykka i hollandsk biletproduksjon, kanskje særleg av Brueghel-familien; Jan Brueghel den eldre var ein samtidig med Jordaens.

Ved sidan av å vere suksessrik målar, var Jordaens ein framifrå designar av veggteppe, biletvevar.

Bortsett frå eit opphald i England i 1641, arbeidde Jordaens heile livet i Flandern. Etter han i 1645 konverterte til kalvinismen fekk han også oppdrag frå den katolske kyrkja.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jacob Jordaens