Jacopo Peri

italiensk songar og komponist i overgangstida mellom renessanse- og barokkmusikk

Jacopo Peri (fødd 20. august 1561 i Roma, død 12. august 1633 i Firenze) var ein italiensk songar og komponist i overgangen mellom renessansen og barokken. Han skreiv det første verket av det ein i dag kallar opera, Dafne (rundt 1597), og den første operaen som er bevart, Euridice (1600).

Jacopo Peri

Jacopo Peri
Fødd20. august 1561
FødestadRoma
Død12. august 1633 (71 år)
DødsstadFirenze
AliasIl Zazzerino (den langhåra)
OpphavStorhertugdømet Toscana
PeriodeRenessansen, barokken
Aktiv1587-1633
Sjangeropera
Instrumentorgel, vokal
Stemmetypetenor
Verka somKomponist

Biografi endre

Peri var truleg fødd i Roma, men studerte i Firenze hos Cristofano Malvezzi. Der arbeidde han i fleire kyrkjer, både som songar og organist. I 1587 vart han tilsett hos fyrstefamilien Medici som tenorsongar og utøvar på klaviaturinstrument. Han vart utnemnd til kapellmeister i 1591.

Monodi og generalbass endre

Peri levde i ei tid der monodien og generalbassen var på mote. Denne nye måten å akkompagnere ved hjelp av eit taste- eller luttinstrument gav songen eit fast støttepunkt som gjorde at orda og meininga deira vart forståelege. Den nye musikken vart særleg pleidd og vidareutvikla i heimen til greve Giovanni de Bardi som var spesielt opptatt av tragediar frå antikken. Peri var ein del av denne såkalla bardiske kretsen, ein utvald krets adelege, diktarar og musikarar som kalla seg Florentiner Camerata. Som vanleg i lærde selskap på den tida vart det halde kunstfilosofiske samtalar, og i dette tilfellet munna dei ut i forsøk på blåse liv i dei greske tragediane og musikken frå antikken igjen.

Operaen oppstår endre

Camerata Fiorentina visste at musikken i antikken måtte vere monodisk, så kva låg nærare enn å kombinere antikke tema med monodisk musikk? Ut av eksperimentet - som sikkert ikkje likna musikken i antikken - oppstod operaen som kunstform.

Tidleg på våren 1598 vart det i huset til Jacopo Corsi oppført eit musikkstykke som i dag vert rekna som den første operaen i musikkhistoria, La Dafne favola drammatica, dramatiske fablar i ein prolog og seks scener. Teksten var skriven av diktaren Ottavio Rinuccini som òg komponerte musikken til nokre av songane for å klargjere intensjonane sine, men han overlet til Peri å fullføre. Musikken er gått tapt, men to tekstfragment frå eit avskrift er bevart.

Den andre operaen kom til verda i samband med den storslåtte bryllaupsfesten til Henrik IV av Frankrike og prinsesse Maria de' Medici i Palazzo Pitti i Firenze: L'Euridice favola drammatica, dramatiske fablar i ein prolog og seks scener. Teksten var òg denne gongen skriven av Rinucci, og musikken av Peri. I forordet skriv Peri at delar av musikken er skriven av Giulio Caccini. Her vart det nytta resitativer mellom ariar og kor for å drive handlinga framover.

Den tredje operaen av Peri er La Flora o vero Il Natal de' Fiori, oppført 11. oktober 1628, òg den i Palazzo Pitti i høve bryllaupsfesten til hertug Odoardo Farnese av Parma og prinsesse Margherita av Toscana.

Resitativet endre

Det grunnleggende nye er resitativet, der harmoniane avgrensar seg til få grunnakkordar og med ein bass som knapt rører seg. Songstemmene syng praktisk talt utan pause, det vil sei utan å verte avbroten av instrumentalmusikk, og dei få akkompagnerande instrumenta avgrensar seg til cembalo og lutt.

Ei samling strofiske dikt er bevart etter Peri, Le Varie Musiche (1609), komponert i den nye monodiske stilen på formene resitativ og solo-madrigalar.

Claudio Monteverdi overtok, utvida og fullendte det komponistane i Camerata Fiorentina hadde starta, og deretter breidde operaforma seg utover Italia frå Firenze og vidare ut i Europa, der han sidan har vore viktig.

Verk endre

  • «La Dafne favola drammatica», dramatiske fablar i ein prolog og seks scener
  • «L'Euridice favola drammatica», dramatiske fablar i ein prolog og seks scener
  • La Flora o vero Il Natale de' Fiori
  • «Le Varie Musiche» a 1,2 e 3 voci con alcuni spirituali (1609)

Kjelder endre