Jacques Cassard

fransk marineoffiser og sjørøvar

Jacques Cassard (fødd 30. september 1679 i Nantes, død 1740 i Ham) var ein fransk marineoffiser og sjørøvar.

Jacques Cassard

Fødd30. september 1679
FødestadNantes
Død21. januar 1740
DødsstadHam
Rangcapitaine de vaisseau
KonfliktarNiårskrigen

Liv og virke endre

Cassard byrja karrieren som sjømann 14 år gammal på eit handelsskip som familien eigde. I januar 1697 gjekk han inn i den franske marinen på bombeskipet «Éclatante».

I 1700 var Cassard kaptein på eit handelsskip. Året etter braut den spanske arvefølgjekrigen ut og Cassard starta som sjørøvar. I 1705 var han kaptein på sjørøvarskipet «Saint Guillaume» og kapra 12 handelsskip og raida Cork. To år seinare kapra han 13 handelsskip med «Duchesse Anne» og fekk ein grad i marinen.

I 1709 vart Cassard forfremma til kommandant og fekk i oppgåve om å eskortere ein matkonvoi på 25 skip ombord på «Éclatant» med 68 kanonar. Den 29. april, med støtte frå «Sérieux», slo han fem engelske skip og konvoien kom trygt fram til Marseille.

Året etter leia Cassard ein skvadron som eskorterte ein konvoi til Smyrna som hadde vore blokkert i Siracusa av ein britisk flåte. Han kapra HMS «Pembroke» i slaget ved Siracusa. Konvoien nådde Toulon.

I desember 1711 fekk Cassard kommando over ein seks skip stor skvadron og sette i gang eit tokt der han raida engelske, nederlandske og portugisiske koloniar på Kapp Verde-øyane og i Karibia.

Cassard pensjonerte seg i 1731. I 1736 vart han erklært sinnsjuk etter å ha fornærma kardinal de Fleury og vart halden innesperra i Ham, der han døydde fire år seinare.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jacques Cassard