Dr. philos. Jakob Jakobsen (også Jákup) (22. februar 186415. august 1918) frå Tórshavn, var ein færøysk språkforskar. Han vert rekna som ein av dei viktigaste bidragsytarane til moderne færøysk språk, som den leiande dokumentaristen av Norn, det no utdøydde språket på Shetland. Han er òg kjend som samlar av eventyr.

Jakob Jakobsen

Statsborgarskap Færøyane
Fødd 22. februar 1864
Tórshavn
Død

15. august 1918 (54 år)
København

Yrke lingvist, skribent, leksikograf
Språk engelsk, færøysk
Jakob Jakobsen på Commons

Han vart fødd i 1864 som son av bokhandlaren Hans Nicolai Jacobsen, og reiste som 13-åring til Danmark for vidare skulegang.

Verk endre

  • 1889 - Nogle ord om færøsk, samt et forslag til en ny færøsk retskrivning. I: Dimmalætting, Tórshavn, Nr. 20-25
  • 1890 - Det færøske Retskrivningsspørgsmål. I: Dimmalætting, Tórshavn, Nr. 12-14
  • 1891 - Færøsk anthologi (med Hammershaimb). København, 1891. - 2 Bd. (Sist utgjeve i Tórshavn, 1991)
  • 1892 - Poul Nolsø: et Livs- og Tidsbillede fra Færøerne ved Slutningen af det 18. og Begyndelsen af det 19. Aarhundrede - 87 s.
  • 1897 - Det norrøne sprog på Shetland - 193 s.
  • 1898-1901 - Færøske folkesagn og æventyr - 648 S. (4. utg. 1975)
    • 4 ævintýr : úr Sagnum og ævintýrum. Tórshavn, 2003. - 75 s.
  • 1901 - Shetlandsøernes stednavne - 205 s. (Omsett som The place-names of Shetland (Kirkwall, 1993. - xxviii, 273 S.)
  • 1902-1903 - Austfirðinga sœgur 264 s. (på islandsk)
  • 1904 - Færøsk sagnhistorie : med en indledende oversigt over øernes almindelige historie og literatur - 81 s.
  • 1907 - Diplomatarium Færoense : føroyskt fodnbrævasavn : við søguligum rannsóknum (nytt opplag 1985)
  • 1908-1912 - Etymologisk Ordbog over det norrøne sprog på Shetland (3 Bd.) (Omsett som An etymological dictionary of the Norn language in Shetland (Lerwick, 1985. - 2 Bd.)
  • 1912 - Poul Nolsöe : livssöga og Yrkingar - 340 s.

Bakgrunnsstoff endre