Jakutsk (russisk Яку́тск, jakutisk Дьокуускай, Djokuuskaj) er hovudstaden i republikken Sakha (Jakutia) i Russland. Han ligg rundt 5000 km aust for Moskva og 450 kilometer sør for polarsirkelen. Byen hadde like under 250 000 innbyggjarar i 2007.

Jakutsk
Якутск
Horisonten til Jakutsk
Horisonten til Jakutsk
Flagget til Jakutsk Byåpenet til Jakutsk
Flagget til Jakutsk Byvåpenet til Jakutsk


Plassering
Jakutsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Sakha
Grunnlagd
Bystatus
1632
1643
Borgarmeister Jevgenij Grigoriev
Geografi
Flatevidd
 - By

122 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

245 600
  2 013,1 /km²
Koordinatar 62°02′0″N 129°44′0″E / 62.03333°N 129.73333°E / 62.03333; 129.73333
Høgd over havet 120 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
YAKT (UTC+9)
YAKST (UTC+10)
Diverse annan informasjon
Postnummer 677000–677028
Retningsnummer (tlf) (+7)4112
Nettstad: www.yakutsk-city.ru

Historie endre

Jakutsk vart grunnlagt i 1632 som eit kosakkfort, men det voks ikkje til ein by før etter oppdaginga av store reservar av gull og andre mineral1880- og 1890-talet. Det vart drive omfattande utvinning av desse reservane gjennom industrialiseringa under Stalin. Den raske veksten av tvangsarbeidsleirar i Sibir medverka òg til utviklinga i Jakutsk.

Økonomi og næringsliv endre

Byen har avdelingar av mange gruveselskap, mellom anna ALROSA som med sine diamantgruver i Sakha står for 20 % av produksjonen av rådiamantar i verda.

Transport endre

Jakutsk er endepunktet for Lenavegen, men byen har berre samband til vegen via ferje om sommaren, eller om vinteren over den frosne Lena, sidan Jakutsk ligg på på vestsida av elva, og det ikkje finst bruer over Lena i Sakha. Store delar av året er det ikkje mogeleg å krysse elva, når ho anten er full av drivande is, eller isdekket ikkje er sterkt nok til å halde køyretøy, eller når vasstanden er høg og elva turbulent under vårflaumen. Så i praksis sluttar Lenavegen på austsida av Lena, i Nizjnij Bestjakh (russisk: Нижний Бестях), ein urbanaktig busetnad på rundt 4000 menneske.

Jakutsk er òg knytt til Magadan ved Okhotskhavet via Kolymavegen.

Ei stor veg- og jernbanebru over Lena er planlagt bygd innan 2013[1], då Amur-Jakutsk-banen endeleg vil knyte byen til Bajkal-Amurbanen. Brua vil verte over tre kilometer lang, og vert bygt rundt 40 km oppfor ved Tabaga, der elva er smalare og ikkje dannar eit stort oversvømd område om våren.

Om vinteren fungerer den frosne Lena som veg for lastebiler som bruker han til å levere forsyningar til fjerntliggande utpostar.

Jakutsk er òg ein stor elvehamn ved Lena.

Jakutsk lufthamn ligg 7 km nord for bysenteret, og den mindre Magan lufthamn 13 km mot nordvest.

Utdanning og forsking endre

Jakutsk statlege universitet ligg i byen. Det er òg ei avdeling av Det russiske vitskapsakademiet, som mellom anna omfattar Instituttet for kosmofysisk forsking, som driv ein av dei største detektorane i verda for kosmisk stråling, og Institutt for permafrostforsking, oppretta med omsyn på å løyse dei alvorlege og dyre problema som er forbunde med konstruksjon av bygningar på frosen grunn.

Kultur endre

Jakutsk har fleire teater og museum, mellom anna Sakhateateret og Mammutmuseet.

Klima endre

Jakutsk er ein av dei kaldaste byane i verda, med gjennomsnittstemperatur i januar på -40,9 °C. Dei lågaste temperaturane som nokon sinne er målt utanfor Antarktis er registrert i nedslagsfeltet til elva Jana i nordaust. Mellom anna kan temperaturane i juli ofte gå over 30 °C, noko som gjer at området òg er mellom anna dei stadane i verda med størst temperaturskilnad mellom sommar og vinter.

Jakutsk er den største byen som er bygt på permafrost. Dei fleste husa er bygt på betongpålar.

Turisme og attraksjonar endre

Når Lena er isfri og kan nyttast til elvefart er det om sommaren diverse båtturar frå Jakutsk, til dømes oppover til Lena-pilarane, og turar nedover elva som går gjennom eit spektakulært landskap i sitt nedre løp, og òg til Lenadeltaet.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. "In 2009 construction of the Bridge through Lena River will begin" Arkivert 2011-10-06 ved Wayback Machine., Republic of Sakha Information Portal, 29. mars 2007, artikkel av Aleksej Dmitrijev i avisa «Yakutia». Vitja 24. desember 2008. (engelsk)

Bakgrunnsstoff endre