James Busby (fødd 7. februar 1801 i Skottland, død 15. juli 1871 i Anerly i England) var ein britisk representant som vart send til New Zealand; han medverka i utarbeidinga av Declaration of the Independence of New Zealand og Waitangitraktaten, og vert rekna som «far» til den australske vinindustrien, sidan han tok med seg vinstokkar frå Spania og Frankrike til Australia. Som britisk representant var han den første juristen på New Zealand, og «opphavsmannen til lov i Aotearoa», og ein person som New Zealand «skuldar nesten all sin grunnleggjande rettspraksis.»[1]

James Busby

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 7. februar 1802
Edinburgh
Død

15. juli 1871 (69 år)
Anerley

Yrke politikar, forretningsdrivande
Språk engelsk
Ektefelle Agnes Busby
James Busby på Commons

Liv endre

Han var fødd i Skottland, son til ein engelsk ingeniør, John Busby, og mora var Sarah Kennedy.[2] Familien hans emigrerte frå England til New South Wales i 1824.

Busby drog ikkje lenge etter attende til England der han var i arbeid for styresmaktene, før han reiste til Spania og Frankrike for å studera vitikultur (vindyrking). I mars 1832 vart han utpeika til stillingen som engelsk representant (British Resident) på New Zealand, og drog til Bay of Islands, og hadde med seg nokre vinstokkar han hadde samla i Europa. Han gifta seg med Agnes Dow at Segenhoe i Hunter Valley i New South Wales i 1832.

Det vart bygd eit hus åt han Waitangi i Northland, der han planta ein vingard som produserte vin før vingardane hans i Australia var produktive.

Oppgåvene hans var å verna den britiske handelen, føra oppsyn med og mekla mellom dei ustyrlege pākehā-nybyggjarane og maoriane på New Zealand. Men han var ikkje utrusta med nokon som helst ressursar for å utøva makta si.

Politisk verksemd endre

 
Flagget til United Tribes of New Zealand.

James Busby føreslo at New Zealand skulle få eit eige nasjonalt flagg, etter at eit uregistrert newzealandsk skip vart teke i arrest i Australia. Eit utval med tre eller fire framlegg vart sendt frå Australia, og eitt vart vald av maorihøvdingane på eit møte i Busby sin residens den 20. mars 1834 (sjå United Tribes of New Zealand).

I 1835 fekk Busby greie på at Baron Charles Philippe Hippolyte de Thierry, ein franskmann, føreslo å utropa fransk herredøme over New Zealand. Han la fram utkastet til Declaration of the Independence of New Zealand (Fråsegn om sjølvstyre for New Zealand), som vart underteikna på eit møte i oktober med 35 māorihøvdingar frå den nordlege delen av New Zealand.

William Hobson kom fram til Bay of Islands i 1840, utforma Busby Waitangitraktaten saman med han. Traktaten vart underteikna den 6. februar 1840 på plenen framfor huset hans. Busby og familien hans forlet Waitangi dette året. Han avslo eit tilbod om ein post i den nye regjeringa i kolonien, og konsentrerte seg mest om landbruksinteressene sine, men vart innblanda i rettsstridar over landeigedomane sine. Finansverksemda New Zealand Banking Company beslagla eigedomane hans i Waitangi utan å gje Busby sine debitorar høve til å betala det dei skulda han, og guvernør Grey ekspropriterte Busby sine eigedomar i Whangarei[1]. Busby redigerte også ei avis, og gjorde teneste som medlem i Provinsstyret i Auckland (Auckland Provincial Council). Han stilte til val i 1860 for eit sete i Representanthuset på New Zealand for valdistriktet Bay of Islands, men lukkast ikkje.[3]

Busby døydde i 1871 i Anerley i England etter å ha reist attende for å få ein augeoperasjon,[4] og er gravlagd i London. Kona hans drog attende til New Zealand der ho døydde i Pakaraka i 1889, og ho er gravlagd i Paihia.

Treaty house (traktathuset), der Waitangitraktaten vart underteikna, forfall fram til 1930-åra, då det vart kjøpt av dåverande generalguvernør Bledisloe og gjeve til nasjonen.

Utgjevne skrifter endre

  • Treatise on the Culture of the Vine (1825)
  • A Manual of Plain Directions for Planting and Cultivating Vineyards and for Making Wine in New South Wales (Sydney 1830)
  • Journal of a Tour through some of the vineyards of Spain and France (Sydney 1833)

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Jamieson, Nigel (1986), "The Charismatic Renewal of Law in Aotearoa", New Zealand Law Journal, July 1986, pp. 250-255
  2. Omtale av James Busby i the Dictionary of New Zealand Biography
  3. «Page 6 Advertisements Column 1». Daily Southern Cross. Volume XVII, Issue 1356, 7 December 1860. s. 6. Henta 16. januar 2011. 
  4. NZ History.net.nz, James Busby, http://www.nzhistory.net.nz/people/james-busby

Bakgrunnsstoff endre