James Cook (27. november 172814. februar 1779) var ein britisk oppdagar og navigatør som blei fødd i North Yorkshire i England og blei drepen på Hawaii. Han gjorde tre oppdagingsreiser i Stillehavet, der han kartla mesteparten av kystane, og siglde i tillegg rundt Atlanterhavet og Indiahavet.

James Cook

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 27. oktober 1728
Marton
Død

14. februar 1779 (50 år)
Kealakekua Bay

Yrke oppdagar, kartograf, marineoffiser, sjøfarer, botanikar
Språk engelsk, fransk
Medlem av Royal Society
Mor Grace Pace
Ektefelle Elizabeth Cook
James Cook på Commons

Reisene endre

 
Dei tre stillehavsreisene.

Den første reisa til Cook (1768–1771), med skipet MH «Bark Endeavour», gjekk til Tahiti og New Zealand. Han kartla kystlinja frå New Zealand og fann sjøvegen mellom dei to øyane, som seinare er blitt kalla Cooksundet. Cook fann òg ei lei gjennom det store barriererevet, og viste at Australia og Ny-Guinea ikkje heng saman.

Under den andre reisa (17721775) vart han den første europearen som passerte den sørlege polarsirkelen, og oppdaga Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane.

På den tredje reisa (17761780), med HMS «Resolution», fann Cook Kiritimati (Juleøya) og den største øya på Hawaii. Deretter utforska han vestkysten av Nord-Amerika og leita etter nordvestpassasjen. Tilbake på Hawaii blei han drepen i kamp med dei som budde der.

Ettermæle endre

Ved å ta i bruk ny astronomi til navigasjon gjorde Cook store nybrott for sjøfarten. Han blei òg kjend for å unngå skjørbuk blant mannskapet sitt ved å sørga for eit næringsrikt kosthald.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: James Cook
  Denne historieartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.