Kunta Kinteh-øya

(Omdirigert frå James Island)

Kunta Kinteh-øya, tidlegare kalla James Island, er ei lita øy midt i Gambiaelva. Ho ligg 30 km frå elvemunninga, nær byen Juffure i Gambia. Som senter for europeisk innmarsj og slavehandel på det afrikanske kontinentet er ho peikt ut av UNESCO som ein del av verdas kulturarv.

Kunta Kinteh-øya og tilknytte stader

Fort Gambia på Kunta Kinteh-øya er eit minne om kolonitid og slavehandel
LandGambia
Innskriven ved UNESCOs 27. sesjon i 2003.
Referansenr. 761.
Kriterium:III, VI
Sjå ògVerdsarvstader i Afrika
BakgrunnsstoffKunta Kinteh-øya og tilknytte stader ved unesco.org


Kunta Kinteh-øya
øy
Land  Gambia
Del av Kunta Kinteh Island and Related Sites
Areal 0,0035 km²
Folketal 0
Kart
James Island
13°19′03″N 16°21′41″W / 13.31753°N 16.36144°W / 13.31753; -16.36144
Wikimedia Commons: Kunta Kinteh Island
Kart frå 1755 over James Island og det britiske fortet.

Historie endre

Dei første europearane som busette seg på øya, i 1651, var kurlendarar, som kalla henne opp etter den heilage Elisabeth. Ho blei deretter innteken av britane i 1661. Namnet blei endra til James Island, etter den seinare engelske kongen James.

Britane bygde Fort James på den strategisk plasserte øya som gav dei kontroll over det meste av handelen på Gambiaelva. James Island blei stasjon for handel med gull, elfenbein, krydder, voks, tømmer og pels. Seinare samla ein slavar på fortet før ein sende dei til Amerika. Rundt 600 slavar blei frakta derfrå kvart år.

Sjølve fortet var ein firkanta bygning med kanonar i kvart hjørne. Det hadde lagerbygningar og bustader for 60-70 soldatar og fastbuande slavar.

Øya og fortet opplevde stadig uro, og blei øydelagd og gjenoppbygd fleire gonger. Fleire slaveopprør fann stad der, og britane var stadig i konflikt med franskmennene, som hadde ein koloni i Albreda. Franske troppar tok kontroll over øya i 1695, men gav henne tilbake to år etter før dei tok henne nok ein gong i 1702. Under den amerikanske sjølvstendekrigen tok franske styrkar øya og brann fortet ned til grunnen.

Då Storbritannia forbaud menneskehandel i 1807 tok dei i bruk James Island igjen, og fortet blei no eit senter for soldatar som hadde i oppdrag å stoppa andre land frå å eksportera slavar. Øya blei fråflytta for siste gong i 1829, då vaktarane blei flytta til den endå meir strategiske St. Mary's Island, som er blitt til dagens Banjul.

Kulturhistorisk område endre

På grunn av den historiske tydinga innan kolonisering og slavehandel blei James Island og tilsvarande område langs elva rekna av UNESCO som verdsarv i 2003. Dette var den første staden i Gambia som kom med på UNESCO-lista.

Over 15 000 turistar, hovudsakleg afro-amerikanarar og europearar, vitjar den vesle øya kvart år.

Litteratur endre

I Alex Haley sin roman Roots (Røtter) blir forfaren til forfattaren og hovudpersonen i boka, Kunta Kinte, send som slave til USA frå denne øya.

Bakgrunnsstoff endre