James Scott

amerikansk komponist

James Sylvester Scott (12. februar 188630. august 1938) var ein afroamerikansk ragtime-komponist frå Missouri og Kansas i Sambandsstatane (USA). Han er saman med Scott Joplin og Joseph Lamb rekna som ein av dei viktigaste skaparane av klassisk ragtime. Nokre av dei best kjende verka hans er «Climax Rag», «Frog Legs Rag», «Grace and Beauty», «Ophelia Rag» og «The Ragtime Oriole».

James Scott

Statsborgarskap USA
Fødd 12. februar 1885
Neosho
Død

30. august 1938 (53 år)
Kansas City i Missouri

Yrke komponist, pianist, dirigent, orkesterleiar
Språk engelsk
James Scott på Commons
Framside til «Frog Legs Rag», ein melodi utgjeven av James Scott i 1906.

James Scott var fødd i småbyen Neosho i Missouri men flytta med familien til Ottawa i Kansas og tilbake til Missouri og byen Carthage under oppveksten. Han lærte å spela piano av mora, som spelte blues, gospel og folketonar. Scott lærte seinare pianospel av John Coleman og Scott Joplin.

I 1902 fekk James Scott arbeid i musikkbutikken til Charles L. Dumars, som etter kvart let han demonstrera piano. Scott spelte mellom anna sine eigne komposisjonar, som var så godt likte at Dumars året etter gav ut den første songen hans, «A Summer Breeze».

Scott flytta til St. Louis i 1906 der han fekk hjelp av Scott Joplin til å samarbeida med utgjevaren John Stark. Den første melodien hans utgjeven av Stark, «Frog Legs Rag», blei ein stor hit. I 1914 flytta Scott til Kansas City der han gifta seg, etablerte ein musikkskole og dirigerte eit teaterorkester.

I 1920-åra byrja jazz å ta plassen til ragtime som musikken alle høyrde på, noko Scott tok til motmæle mot med komposisjonen «Don't Jazz Me – Rag (I'm Music)». Men det var nytta lite, og etter at John Stark trekte seg tilbake slutta Scott å gje ut musikk, sjølv om han skal ha fortsett å komponera. Scott døydde i Kansas City i 1938 og er gravlagd i Westlawn Cemetery der.

Kjelder endre