James Webb-teleskopet

(Omdirigert frå James Webb Space Telescope)

James Webb-teleskopet, på engelsk James Webb Space Telescope (JWST), er eit romteleskop som vart skote opp i 2021.[1] Det skal hovudsakleg observera i det infraraude.[2] Hovudspegelen på teleskopet har ein diameter på 6,5 meter.[1] Teleskopet er namnsett etter James E. Webb, den andre NASA-administratoren.[3]

Slik tenkjer ein kunstnar seg James Webb-teleskopet.

Prosjektet er eit samarbeid mellom NASA, ESA og ASC.[1] Det vart skote opp med ein Ariane 5-rakett nær Kourou i Fransk Guyana.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «ABOUT JWST». NASA. Henta 29. desember 2022. 
  2. «How does JWST contrast with HST?». NASA. Henta 29. desember 2022. 
  3. «About James Webb». NASA. Henta 29. desember 2022. 
  4. «About JWST'S Launch». NASA. Henta 29. desember 2022. 

Bakgrunnsstoff endre