Jan Davidsz. de Heem

Jan Davidsz. de Heem (16061684) var ein nederlandsk kunstmålar, kanskje den fremste av alle stilleben-målarar av den nederlandske skulen.

Jan Davidsz. de Heem

Statsborgarskap Nederland
Fødd 17. april 1606
Utrecht
Død

26. april 1684 (78 år)
Antwerpen

Yrke kunstmålar, botanisk illustratør
Språk nederlandsk
Sjanger stilleben, blomstermåleri
Medlem av Antwerpen Sankt Lukas Gilde
Far David Davidsz. de Heem
Born Cornelis de Heem, Jan Janszoon de Heem
Jan Davidsz. de Heem på Commons
Stilleben med grønsaker, ca. 1650

Liv og gjerning endre

Heem var fødd i Utrecht i april 1606, i ein familie med målarar der han er den mest kjende. Både faren og alle sønene hans var målarar. I heimbyen gjekk han i lære hos Balthasar van der Ast og tok etter hans måte å måle blomar og frukt. På slutten av 1620-talet var Heem i Leiden, der han måla små stilleben i ein stil som minner om Pieter Claesz og Willem Claeszoon Heda.

År 1635 vart Heem teken opp i Sint-Lucasgildet i Antwerpen og frå 1636 arbeidde han i hovudsak der i byen. Her vart han påverka av den meir overdådige flamske målartradisjonen. Han måla stilleben med frukt, fivreld, blomar med meir i ein fargerik stil. Attåt måla han store bilete av bord bognande av matrettar, gjerne omkransa av kostbart draperi. I ein del av bileta hans kan ein merke ein tydlege moralsk peikepinn.

Heem fekk eit varig ry som ein av dei aller største målarane av stilleben. Måleria hans kombinerer noggrann attgjeving av objekta, harmonisk og glansfull bruk av fargar og utsøkt komposisjon. Han hadde rikeleg med oppdrag og sønene hans gjekk inn i verksemda. Sonen Cornelis de Heem var ein av mange som imiterte verka hans. Han var den fremste målaren av dei tre målarsønene til Jan Davidsz. de Heem, i ei slekt som talde endå fleire målarar.

Frå 1667 til -71 budde Heem i fødebyen Utrecht, men då franske hærstyrkar angreip staden, flykta han tilbake til Antwerpen, der han vart gravlagd 26. april 1684.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jan Davidsz. de Heem

Kjelder endre

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon