Jan Hanvold (fødd 29. april 1951)[1] er ein norsk evangelist og mediemisjonær. Mellom anna er han grunnleggjar av den kristne TV-kanalen Visjon Norge, samstundes som han eigarskap i dei andre kristne medieverksemdene Vision Bibel Center, Euro Vision Network AS og Radio Visjon[2].

Jan Hanvold
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. april 1951 (72 år)
Yrke pastor, predikant, forretningsdrivande
Ektefelle Inger Karin Johnstad Hanvold

Hanvold har ein bakgrunn i forretningsdrift [3][4] som mellom anna har ført til konkursar, konkurskarantene og fengselstraff [5]. Han har blitt kritisert for fleire kontroversielle utsegner [6][7][8], dårleg økonomistyring [9][10], og for å samle inn svært mykje pengar gjennom prosjekta sine[11][12][13]. Rekneskapstala frå Visjon Norge og Visjon Bibel Center viser at dei har tatt inn om lag 175 millionar kroner gjennom innsamlingar i perioden 1999 - 2007, av dette over 48.000.000 i rekneskapsåret 2007[14]. Han har òg fått omtale i media for å nytte aggressive metodar i pengeinnsamlingane [15]. Det er kjent at midlar som er samla inn gjennom Hanvold sine ulike prosjekt i liten grad har blitt brukt til dei formåla dei er innsamla for [16][17][18][19]. I 2010 skulda Hanvold norske kristne for underslag mot Gud, og hevda at dei ved å gi mindre enn ein tiandedel av inntekta sin i tiend til kristne organisasjonar underslår åtte millardar kroner årleg. [20] Hanvold hadde i 2010 høgast inntekt av alle tilsette i norske kristne organisasjonar [21].

Referansar endre

  1. Sven E. Andersen: Jan Hanvold... gir aldri opp! Hermon forlag. 2008.(lesedato 3. oktober 2008)
  2. Eierskapstilsynet Arkivert 2007-08-23 ved Wayback Machine. lesedato 27. september 2008
  3. Vårt land: Tilsyn truer med å kaste Hanvold[daud lenkje] (lesedato 27. september 2008)
  4. Vårt land: Spør om Visjons eiendomskjøp[daud lenkje] (lesedato 27. september 2008)
  5. Hegnar Online: Predikant Jan Hanvold er på farten igjen som pengeinnsampler Arkivert 2011-02-17 ved Wayback Machine. (lesedato 27. september 2008)
  6. VG-nett. Pastor mener flodbølgen er et tegn fra gud (Søkedato: 22. juni 2008)
  7. VG: Märtha Louise er en representant fra helvete (lesedato 27. september 2008)
  8. NRK:Brenn Harry Potter-bøkene (lesedato 27. september 2008)
  9. NRK: Undersøker pengerot (lesedato 27. september 2008)
  10. Vårt land: Få stiller spørsmål[daud lenkje] (lesedato 27. september 2008
  11. NRK: Nødhjelpsmilionæren (lesedato 27. september 2008)
  12. E24: Betal penger, bli velsignet lesedato: 27. september 2008
  13. Vårt land: Ber om millioner, lover velsignelse[daud lenkje](lesedato: 27. september 2008)
  14. Vårt land: Samlet inn 175 millioner på ni år[daud lenkje] (lesedato 27. september 2008
  15. NRK: Misjonsstiftelse refses lesedato 27. september 2008
  16. Hegnar Online: Predikant Jan Hanvold er på farten igjen som pengeinnsamler Arkivert 2011-02-17 ved Wayback Machine. (lesedato 27. september 2008)
  17. Bygdeposten: Kjøper eiendom for nødhjelpspenger (lesedato 27. september 2008)
  18. Vårt land: Ber Hanvold dokumentere mer[daud lenkje] (lesedato 27. september 2008)
  19. Hegnar online: Predikant Jan Hanvold med fattigfolk som sponsor Arkivert 2011-02-17 ved Wayback Machine. (lesedato 27. september 2008
  20. Vårt land: - Kristenfolket underslår 8. milliarder i året Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is (lesedato 10. juli 2012)
  21. Dagen: Hanvold tjener best i Kristen-Norge Arkivert 2012-03-30 ved Wayback Machine. (lesedato 23. oktober 2011)