Jan Mayen er ei 377 km² stor arktisk øy med kyst mot Grønlandshavet i nord og Norskehavet i sør. Øya er delvis dekt av ein isbre. Øya ligg på 70,59° N 8,28° V. Her ligg òg den nordlegaste aktive vulkanen i verda, Beerenberg, som med sine 2277 meter òg er eit av dei høgaste fjella i Noreg. Andre norske vulkanar er Bouvetøya og Peter 1.s øy. Fiskerisona ved Jan Mayen er 293 049 km². I 1980 vart den økonomiske sona utvida til 200 nautiske mil rundt øya, til protestar frå naboøyane Island og Grønland.

Jan Mayen
Geografi
Stad Nordishavet
Koordinatar 70°59′N 8°32′W / 70.983°N 8.533°W / 70.983; -8.533

Areal 377[1][2] km²

Høgaste punkt Beerenberg (2277 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Største busetnad Olonkinbyen (ca 18 innb.)

Demografi
Folketal Ingen fastbuande, men Forsvaret og Meteorologisk institutt har høvesvis 14 og 4 tilsette stasjonert på øya.

Jan Mayen er ein del av Kongeriket Noreg, er ikkje eit biland og er ikkje omfatta av Svalbardtraktaten. Øya vert administrert av Fylkesmannen i Nordland, men er ikkje ein del av Nordland fylke.

Historie endre

Oppdaginga av øya endre

Dei fyrste mogelege haldepunkta for kunnskap om Jan Mayen skriv seg frå 500-talet, og det er grunn til å rekne med at Jan Mayen var kjend i vikingtida.[3] Henry Hudson gjenoppdaga øya i 1607 og kalla ho Hudson's Tutches. Etter det vart øya observert fleire gonger av navigatørar og kvalfangarar som gjorde krav på ho eller endra namn på ho. Kvalfangarar frå Hull i England kom til øya i 1611 og gav øya namnet Trinity Island, i 1612 kom den franske kvalfangararen Jean Vrolicq til øya og gav ho namnet ein Île de Richelieu. I 1614 gav den engelske kapteinen John Clarke øya namnet Isabella, same år som Jan Mayen fekk namnet øya har i dag. Joris Carolus gav øya namnet etter ein av kapteinane sine, Jan Jacobs May van Schellinkhout, som hadde kome til øya tre år tidlegare.

 
'Kvaloljefabrikk på Jan Mayen' (1639), Cornelis de Man.

Kvalfangst endre

På byrjinga av 1600-talet skipa nederlandske kvalfangarar fleire kvaloljekokeri på øya, slik at dei kunne utvinne olje frå kvalspekket. På det meste var 1000 mann i aktivitet på øya i sumarmånadene og fleire mindre festningsverk vart bygde for å hindre plyndring. Intensiv fangst førte nesten til utrydding av grønlandskvalen, og kvalfangsten rundt Jan Mayen vart stogga mellom 1640 og 1650. Øya vart forlaten og i laupet av dei neste 230 åra vitja berre få skip øya.

Det er framleis nokre restar av spekk-kokeria og nokre kvalfangargraver, og for nokre år sidan vart to større skytevåpen funne nær hovudfangststasjonen.

Ny aktivitet endre

 
Kvalfangstkipet «Freya» på Jan Mayen. Akvarell frå 1854.

Etter kvalfangstperioden på 1600-talet var det ingen aktivitet på øya før mot slutten av 1800-talet. Ein austerriksk-ungarsk vitskapeleg ekspedisjon gjennomførte kartlegging og utforsking av øya i 1882-83. Karta deira var i vanleg bruk fram til 1950-åra.

På byrjinga av 1900-talet byrja nordmenn med fangst av fjellrev. Revejakta vart avslutta i slutten av 1920-åra, då intensiv fangst hadde ført til ein sterk nedgang i reveflokken. Av dei fyrste 13 fangsthyttene står fem framleis att.

Den fyrste meteorologiske stasjonen vart oppretta i 1921 av Hagbart Ekerold og med unnatak av vinteren 1940-41 har det vore kontinuerlege meteorologiske observasjonar på Jan Mayen. Av den fyrste meteorologiske stasjonen finst det berre tuftene og lause restar igjen.

Øya vert annektert av Noreg endre

Delar av øya vart okkupert av Meteorologisk institutt på vegner av Noreg i 1922, og heile øya i 1926. Øya vart underlagd norsk suverenitet ved kongeleg resolusjon 8. mai 1929 og vart ein del av kongeriket 27. februar 1930, jf. Jan Mayen-lova sin § 1 [4].

Jan Mayen var administrert frå Oslo, gjennom Sysselmannen på Svalbard fram til 1. januar 1995. So vart Jan Mayen lagt under Fylkesmannen i Nordland. At Jan Mayen er ein del av riket, i motsetnad til dei antarktiske rådvelda som er gjort til biland, gjer at konvensjonar som Noreg er forplikta av, òg gjeld på Jan Mayen viss det ikkje er teke unna i ratifikasjonen.

Andre verdskrig endre

 
Junkers JU 88
 
Focke-Wulf Fw 200

Bortsett frå vinteren 1940-41 har det vore kontinuerlege meteorologiske observasjonar på Jan Mayen. I frykt for tyske åtak vart det i 1940 avgjort å brenne stasjonen og evakuere mannskapet til England. Men vurderingar av den strategiske verdien til vêrobservasjonane, mellom anna for konvoitransporten til Murmansk, gjorde at ein ynskte å starte opp verksemda igjen. Året etter, i 1941, returnerte mannskapet saman med norske soldatar. På det meste talde styrken 52 mann. Det vart ikkje gjort freistnader frå tysk side på å setje i land troppar på øya, men tyske fly og ubåtar vitja Jan Mayen fleire gonger for å rekognosere og skaffe seg vêrobservasjonar. Unnataksvis skaut tyske fly mot menn og anlegg på bakken, men skadane vart ikkje store, slik at mannskapet kunne levere meteorologiske data gjennom heile krigen.

To tyske fly styrta på Jan Mayen under den andre verdskrigen og mannskapet på totalt 13 omkom. Det fyrste flykrasjet skjedde 15. juli 1942 ved Flykollen, men var ukjend inntil restane av eit tysk Junkers Ju 88 D1 vart oppdaga 23. august 1950 med fire omkomne besetningsmedlemer. Det andre flykrasjet skjedde 7. august 1942 ved Danielsenkrateret. Flyet var av typen Focke-Wulf Fw 200 og alle ni i mannskapet omkom. Området var dekt av tjukk skodde denne dagen, so bombing var ikkje mogeleg. Av same årsak vart ikkje flyet skote på frå bakken, sidan dei norske styrkane ikkje kunne avgjere om flyet var ven eller fiende på grunn av skodda.

I 1959 vart leivningane av mannskapa på dei to flya gravlagde på krigskyrkjegarden i Narvik.

Hausten 1943 gav den norske regjeringa amerikanarane lov til å skipe ein radiolyttestasjon på Midt-Jan for å kunne peile inn den hemmelege tyske radio- og meteorologiske stasjonen på Grønland. Den amerikanske basen gjekk under namnet Atlantic City. Eit vilkår var at amerikanarane skulle fjerne stasjonen og forlate øya straks etter at krigen var ferdig. Amerikanarane vart ståande på Jan Mayen til februar 1946. Den norske regjeringa var sterkt opptatt av amerikansk tilbaketrekking for å hindre at Sovjetunionen skulle få eit påskot for å krevje liknande eller større militære anlegg på Svalbard.

Jan Mayen var den einaste delen av Kongeriket Noreg som fullt ut var under den lovlege norske regjeringa sin kontroll.

Utviding av den økonomiske sonen endre

I 1980 vart den økonomiske sona utvida til 200 nautiske mil rundt øya, til protestar frå naboøyane Island og Grønland. Andsynes Island godtok Noreg ved avtaler med Island 28. mai 1980 og 22. oktober 1981 ei innsnevring av Jan Mayen-sona, ved at den økonomiske sona til Jan Mayen vert avgrensa av den islandske 200-milssona og ikkje ved midtlina. Tvisten med avgrensinga mot Grønland si økonomiske sone vart avgjort i Jan Mayen-saka mellom Danmark og Noreg av den internasjonale domstolen i Haag i 1993[5]. Avtalene med Danmark og Island vart fremja av Kongen i statsråd 13. februar 1998[6] og vedteken av Stortinget 2. april 1998[7]

Nedtrapping av verksemda endre

Ekspedisjonen på kystradiostasjonen Jan Mayen radio vart i 1995 nedlagd og overført til Bodø radio, der han vert styrt via satellitt.

Loran-C-stasjonane i Noreg vart i 2004 avgjort nedlagde innan 1. januar 2006, inkludert stasjonen på Jan Mayen. Regjeringa kunngjorde 9. desember 2005 at dei ynskte å kome med eit framlegg for vidare drift av stasjonane[8] og 23. juni 2006 kunngjorde Fiskeri- og kystdepartementet at drifta ved dei fire norske Loran-C-stasjonane vert lengd til ut 2009[9]. Årsaka til lenginga av drifta er knytt til auka interesse for det bakkebaserte navigasjonssystemet i Europa. Departementet har fått oppmoding frå mellom anna EU, Storbritannia og Frankrike om vidare drift av stasjonane.

Verneplan endre

Direktoratet for naturforvaltning skulle hausten 2007 sende ut eit høyringsframlegg til verneplan for Jan Mayen. Ifylgje framlegget vil to område verte verna, eit lengst sør på Sør-Jan og eit anna lengst nord på Nord-Jan. Området på Midt-Jan med Forsvaret og Meteorologisk institutt sine stasjonar vert fleirbruksområde. Verneområdet vil gå ut til 12 n.m., men ein vil gje unnatak for fiskeria og det vert ei minstehøgd for overflyging og minsteavstand til fuglefjell. Fylkesmannen i Nordland vert forvaltningsstyresmakt for verneområdet. Verneplanen vart sett i verk i 2008.

Geografi endre

 
Jan Mayen si plassering i forhold til Noreg

Øya er 377 km² stor, og ligg 600 km nordaust for Island og 500 km aust for Grønland. Øya ligg om lag 1000 km frå både norskekysten og Svalbard. Ho strekkjer seg 53 km i retning sørvest til nordaust mellom 70° og 72 °N og mellom 8° og 9 °V. 2,5 km brei på det smalaste og 15,8 km på det breiaste.

Øya vert delt inn i tre delar, det smale og låge midtpartiet Midt-Jan og dei berglendte Nord-Jan og Sør-Jan.

Naturforhold endre

Jan Mayen er ein del av den midtatlantiske ryggen. Denne undervasskjeda strekkjer seg heilt sør til Bouvetøya, og er av vulkansk fjell, danna for inntil ein million år sidan i sprekksona mellom kontinentalplatene til Amerika og Europa/Afrika. Jan Mayen er den synlege toppen på eit av desse vulkanske fjella, der fjellfoten er om lag 3000 meter under havet. Jan Mayen sitt kjenneteikn er den 2277 meter høge vulkanen Beerenberg som for ein stor del er dekt av isbrear og utgjer heile den nordlege delen av øya (Nord-Jan). Beerenberg, som framleis er ein aktiv vulkan, hadde sitt siste utbrot i 1985. Heile øya er av vulkansk opphav, men om sumaren gjev mose, gras og hardføre blomar farge til det elles svarte landskapet. Berggrunnen liknar mykje på store delar av Island.

Fjell endre

 
Beerenberg
Foto: Gernot Hecker

Jan Mayen er det einaste området i Noreg som har aktive vulkansystem og vulkanske bergartar avsett etter istida. Den snødekte vulkanen Beerenberg er framleis aktiv og er den nordlegaste aktive vulkanen i verda. Beerenberg er ein stratovulkan og har hatt seks utbrot sidan 1732, der det siste utbrotet var i 1985. Framleis stig det damp både frå hovudkrateret og somme andre stader på øya.

Innsjøar endre

Ved den smalaste delen av øya ligg dei to einaste innsjøane på øya, Nordlaguna og Sørlaguna. Nordlaguna er 40 meter på det djupaste og var ei viktig ferskvasskjelde. Men i dei siste tiåra har området som skil lagunen frå sjøen vorte smalare, slik at høge bylgjer slår over og gjer vatnet brakt. Sørlaguna er mykje større, men so grunn at ho kan turke ut om sumaren.

Klima endre

Øya ligg i overgangen mellom arktisk og temperert klima med relativt milde vintrar og kalde sumrar, med ein månadleg middeltemperatur på Midt-Jan som ymsar mellom +5 °C og -6 °C. Øya ligg i lågtrykksbana på den nordlege halvkula som ofte fører mild luft sørfrå. Årsnedbøren ymsar med dei topografiske tilhøva, men er om lag 700 mm på Midt-Jan. Øya er ofte dekt av skodde, og dei omkringliggjande havområda er islagde frå februar til april.

Flora endre

Vegetasjonen er dominert av småvaksne urter, lav og mose. Det veks ikkje buskar og tre på Jan Mayen. Somme artar er endemiske.

Fauna endre

 
Havhest
Foto: Michael Haferkamp

Avstand frå andre landområde gjer at artsrikdomen er avgrensa på Jan Mayen, men øya er likevel ein viktig hekkestad for fleire sjøfuglartar, og 27 fugleartar hekkar fast på øya [10]. Dei store koloniane med havhest, alkekonge og polarlomvi vert rekna for å ha både nasjonal og internasjonal verneverdi.[11]. Andre store førekomstar av fugleartar er krykkje og lunde. Totalt er det observert 98 ulike fugleartar som vitjar øya frå tid til anna.

Fjellrev var tidlegare det einaste talrike pattedyret på øya, men intensiv fangst i byrjinga på 1900-talet førte til at fjellreven nesten vart utrydda. Klappmyss og grønlandssel har yngleplassar på den nordvestlege delen av Jan-Mayen. Isbjørn kan kome innom når iskanten ligg opp mot Jan Mayen vinterstid.

Dei to mest kommersielt verdfulle marine ressursane rundt øya er reke og haneskjel.

Nordlaguna på Midt-Jan er det einaste ferskvassøkosystemet som ikkje turkar inn i turre periodar og har ein førekomst av ferskvassrøye som ein meiner har vore isolert frå omverda mellom 1500 og 4000 år.

Administrasjon endre

Jan Mayen vart okkupert i 1925 og er regulert ved lov av 27. februar 1930 nr. 2 . Det heiter her at Øya Jan Mayen er en del av Kongeriket Noreg, dvs. same formulering som i Svalbardlova. Grunngjevinga ligg i å knyte desse to områda fast til riket, slik at Grunnlova sitt krav om udeleligt og uafhændeligt Rige skal gjelde. Men lova seier ikkje noko om administrasjonen, bortsett frå rettsvesenet.

Det er gjeve ei rekkje føresegner til lova og i føresegn om administrasjonen av 21. november 1980 er det fastsett at sysselmannen på Svalbard inntil vidare arbeider som sysselmann på Jan Mayen[12], med same «forretningsområde» som i Svalbardlova, bortsett frå forretningane som politimeister, notarius publicus og hjelpedomar. Denne ordninga vart endra hausten 1994, slik at arbeidsoppgåvene frå 1. januar 1995 ligg til Fylkesmannen i Nordland, men utan at Jan Mayen er del av noko fylke eller sjølv er gjort til noko fylke.

Innbyggjarar endre

Dei einaste innbyggjarane på øya er personell frå Forsvaret og Meteorologisk institutt, i alt 18 personar. Av desse er 14 personar tilsett i Forsvaret medan dei hine er tilsett av Meteorologisk institutt.[13]. Talet på innbyggjarar aukar i sumarhalvåret då vedlikehald vert utført på installasjonane på øya. Tenestetida er seks månader eller eitt år, og personellbyte skjer i april og oktober. Forsvaret sitt personell driftar ein Loran-C stasjon. Både den meteorologiske stasjonen og Loran-C-stasjonen ligg få kilometer frå Olonkinbyen, der alt personell bur.

Næringsliv endre

Det finst ingen utnyttbare naturressursar på Jan Mayen, bortsett frå fisk i havet. Den økonomiske aktiviteten er avgrensa til drift av den norske radio- og vêrstasjonen som ligg på øya og Loran-C-stasjonen til Forsvaret (Forsvarets logistikkorganisasjon IKT).

Jan Mayen radio endre

Jan Mayen radio var ein norsk kystradiostasjon på Jan Mayen som vart bygd i 1921. I september 1940 vart stasjonen øydelagd av norske styrkar og mannskapet sendt til Island. I 1941 vart ein ny stasjon bygd. Etter krigen vart denne flytt til ein ny stad. Stasjonen vert i dag kontrollert frå Bodø Radio via satellitt, men ein kan ta lokal kontroll over radioen ved sambandsbrot mot Eik jordstasjon.

Kommunikasjon endre

Tilgjenge til Jan Mayen er avgrensa. Enklaste måten å kome seg dit er med fly, der ein landar på den 1585 meter lange flystripa på øya. Jan Mayen flyplass er vêrutsett og vert hovudsakleg nytta av Forsvaret sitt C-130 Hercules, som kjem med forsytingar kvar andre eller tredje månad. Byggjinga av Jan Mayen flyplass starta i august 1960 og det fyrste flyet, eit Catalinafly frå Luftforsvaret, landa 17. september 1960 for å hente ein person som var akutt sjuk med bukhinnebetennelse. Det fyrste sivile flyet landa 29. oktober 1961 og var ein Douglas DC-4 frå Braathens SAFE. Før flyplassen vart bygd fekk Jan Mayen post på vinterstid ved flyslepp frå Catalinafly. Øya har inga naturleg hamn og det kan vere farleg å lende frå båt, men det er mogeleg både på nord- og sørsida.

Under ein tur til Jan Mayen, Bjørnøya og Spitsbergen i 1954 kom postflyet ut for ei ulukke på Bjørnøya.

Jan Mayen sitt postnummer er 8099 og amatørradiokoden er JX. Internettdomenet .sj er tildelt Svalbard og Jan Mayen, men er ikkje teke i bruk.

Tidslinje endre

  • 1607 – Henry Hudson oppdaga øya og kalla ho Hudson's Tutches
  • 1614 – Jan Mayen får det namnet ho har i dag, då Joris Carolus gav øya namnet etter ein av kapteinane sine, Jan Jacobs May van Schellinkhout
  • 1882 – ein austerriksk-ungarsk vitskapleg ekspedisjon gjennomførte kartlegging og utforsking av øya
  • 1929 – Jan Mayen vart annektert av Noreg ved kongeleg resolusjon 8. mai.
  • 1930 – Jan Mayen vart ein del av kongeriket 27. februar, jf. Jan Mayen-lova sin § 1.
  • 1940 – Den meteorologiske stasjonen vart brend og mannskapet evakuert til England.
  • 1941 – Verksemda ved den meteorologiske stasjonen vart teken opp att.
  • 1942 – eit tysk bombefly styrta og heile mannskapet på ni omkom.
  • 1942 – eit tysk fly av typen Junkers Ju 88 D1 krasja ved Flykollen og mannskapet på fire omkom. Hendinga var ukjend fram til 23. august 1950.
  • 1942 – eit tysk fly av typen Focke-Wulf Fw 200 krasja ved Danielsenkrateret 7. august og mannskapet på ni omkom.
  • 1943 – Amerikanarane skipa ein lyttestasjon på Midt-Jan.
  • 1960 – Jan Mayen flyplass vart opna.
  • 1970 – Vulkanen Beerenberg hadde eit utbrot.
  • 1973 – Vulkanen Beerenberg hadde eit utbrot.
  • 1980 – Fiskerisona ved Jan Mayen vart utvida til 200 nautiske mil.
  • 1985 – Vulkanen Beerenberg hadde eit utbrot.
  • 1995 – Administreringa av Jan Mayen vart overført frå Sysselmannen på Svalbard til fylkesmannen i Nordland.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jan Mayen

Norske offentlege etatar sine sider om Jan Mayen endre

Private sider endre

Andre sider endre