Jan Wolkers (fødd 26. oktober 1925 i Oegstgeest, død 19. oktober 2007 Texel) var ein nederlandsk forfattar og bilethoggar.

Jan Wolkers

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 26. oktober 1925
Oegstgeest
Død

19. oktober 2007 (81 år)
Texel

Yrke programleiar, skodespelforfattar, skribent, spaltist, bilethoggar, kunstmålar, manusforfattar, arrangementvert, medaljør
Språk nederlandsk
Ektefelle Karina Gnirrep, Annemarie Nauta, Maria de Roo
Signatur
Jan Wolkers på Commons

Han skreiv sjølvbiografiske romanar med tema som døden og seksualiteten, og delvis konflikten mellom hykleriet til borgarskapen og kunstnaren. Romanane Een roos van vlees (1963, norsk omsetjing En rose av kjøtt, 1978) og Horrible tango (1967) artar seg som eit oppgjer med den kalvinistiske barndomen hans. Høgdepunktet i forfattarskapen hans vert rekna for å vere romanen Terug naar Oegstgeest (1965).

Kjelder endre

«Jan_Wolkers» i Store norske leksikon, snl.no.