Janteloven er ein oppdikta lov skriven av Aksel Sandemose i 1933 til romanen En flyktning krysser sitt spor. Loven har namn etter byen Jante, der hovudpersonen i boka voks opp, men forfattaren sjølv meinte han uttrykte ei universell sanning, «menneskenes iboende ondskap og evne til å trykke hverandre ned».

Loven er gått inn som eit uttrykk på norsk og andre språk og blir særleg brukt i samanhengar der ein meiner ein person som har stukke seg fram er blitt forfølgd for det. Eit tilsvarande engelsk uttrykk er «tall poppy syndrome», der ein metaforisk kappar av valmuane som strekkjer seg høgast.

Teksten til Janteloven endre

  1. Du skal ikkje tru du er noko.
  2. Du skal ikkje tru du er like mykje som oss.
  3. Du skal ikkje tru du er klokare enn oss.
  4. Du skal ikkje innbilla deg at du er betre enn oss.
  5. Du skal ikkje tru du veit meir enn oss.
  6. Du skal ikkje tru du er meir enn oss.
  7. Du skal ikkje tru du duger til noko.
  8. Du skal ikkje le av oss.
  9. Du skal ikkje tru nokon bryr seg om deg.
  10. Du skal ikkje tru du kan læra oss noko.

Seinare i boka kjem Sandemose opp med eit 11. bod: Du trur kanskje ikkje at eg veit noko om deg?