Yen, av japansk en eller yen (円), er den japanske valutaeininga. Namnet tyder 'sirkel' på japansk.

Japanske myntar
Ein 10 000 yen-setel med bilete av Fukuzawa Yukichi

Den internasjonale valutanemninga for Yen er JPY. Det latinske symbolet er ¥.

Yen vart innførd som valuta i Japan i 1871. Dei offisielle mynteiningane vart då yen (圓), sen (錢) og rin (厘). 1 yen var lik 100 sen som var lik 1000 rin. I 1954 vart sen og rin tekne ut av omlaup.

Pengesetlane finst i valørane 1 000, 2 000, 5 000 og 10 000, medan myntane finst i valørane 1, 5, 10, 50, 100 og 500.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.