Jarnbane frå Kapp til Kairo

Jarnbane frå Kapp til Kairo var eit ufullendt forsøk på å forbinda Afrika frå nord til sør med jernbane. Prosjektet blei lansert av Cecil Rhodes i kolonitida, på slutten av 1800-talet. Bana skulle forbinda dei britiske koloniane og nærast danna ein ubroten korridor gjennom Afrika frå Cape Town i Sør-Afrika til Kairo i Egypt. Medan mesteparten av strekninga til slutt blei bygd, manglar det ein vesentleg del mellom Sudan og Uganda.[1] I tillegg har mange av delane liten bruk grunna dårleg banetilhøve.

The Rhodes Colossus: Karikatur frå Punch av Cecil John Rhodes som kolossen på Rhodos .
██ Område under britisk kontroll eller påverkand i 1914 I 1916 blei Tanganyika-territoriet lagd til områda og fylte eit av tomromma.

Bakgrunn for planen endre

I det såkalla kappløpet om Afrika var den britiske koloniseringa av Afrika nært knytt opp til ein plan om ei samanhengande jarnbane frå Kappkolonien til Kairo.[2] Cecil Rhodes var ein av fleire imperiebyggjarar som sikra dei sørlege statane i kontinentet for den britiske krona. Han såg for seg ein «raud korridor» av britiske dominion frå nord til sør, og ei jarnbane ville vera det viktigaste elementet til å sameina dei britiske besittelsane, både politisk og militært.[3] Men bygginga av banen ville verta ei stor utfordring på grunn av dei topografiske og klimatiske tilhøve og – ikkje minst politisk, og tilhøvet til andre kolonimakter.

Til bygginga henta britane ei stor mengd arbeidarar, eller «kuliar», frå Britisk India. Desse danna grunnlaget for den indiske folkesetnaden i Afrika.[4]

Kjelder endre

  1. Mallinson, Harriet (28. oktober 2016). «Chris Tarrant looks back at filming new Extreme Railway Journeys show». Mail Online. Henta 1. juni 2017. 
  2. «Den europeiske dominansen tek form - NDLA», ndla.no, henta 30. mai 2019 
  3. Uchenna, Ekwtosi; frilansjournalist, «Afrika-ekspressen. | Aftenposten Innsikt», www.aftenposteninnsikt.no, henta 30. mai 2019 
  4. «Med tog i Afrika - Bane NOR», www.banenor.no, arkivert frå originalen 30. mai 2019, henta 30. mai 2019 

Bakgrunnsstoff endre