Jaroslavl oblast (kyrillisk skrift Ярославская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Jaroslavl, arealet er 36 400 km² og innbyggjartalet er 1 272 500 (2010).

Jaroslavskaja oblast
   

Jaroslavl oblast sitt flagg
Jaroslavl oblast sitt flagg
Jaroslavl oblast sitt våpen
Jaroslavl oblast sitt våpen
Flagg Våpen
Jaroslavl oblast på kartet over Russland
Hovudstad Jaroslavl
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 63.

36 400 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 39.

ca. 1 272 500[1] (2010)
ca. 35,0/km²

Føderalt distrikt Sentrale
Økonomisk region Sentrale
Regionsnummer 76
Offisielt språk Russisk
Guvernør Sergej Nikolajevitsj Jastrebov
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0300

Jaroslavl oblast ligg sentralt plassert i den europeiske delen av Russland, og grensar til Moskva oblast i sør. Området er stort sett bylgjande sletteland, høgste punktet er berre 294 meter over havet. Dei øvre delane av elva Volga renn gjennom provinsen, i ei strekning på 340 kilometer. Klimaet er kontinentalt, med middeltemperatur i januar på -10° celsius, og i juli 18° celsius.

Provinsen har ingen vesentlege mineralførekomstar. Volga er demma opp ved Rybinsk og dannar her ein stor kunstig innsjø. Det vert drive intensivt jordbruk, 34 % av provinsen er dyrka mark. Dei viktigaste avlingane er poteter, grønsaker og lin. Det vert òg dyrka rug, kveite, bygg og havre. Jaroslavl oblast har mykje industri, det viktigaste er ingeniør- og metallindustri.

Folkesetnad endre

Dei største byane er Jaroslavl (591 500 ibuarar) og Rybinsk (200 800).[1]

Dei største etniske gruppene ved folketeljinga i 2010 var:[1]

Historie endre

 
Volga ved Jaroslavl

Jaroslavl oblast ligg i det gamle russiske kjernelandet, og var frå 800-talet del av den eldste russiske statsdanninga, Kievriket eller Kiev Rus. Her ligg den eldste byen i nord-Russland, Rostov, som første gongen er nemnt i 862, dessutan byen Uglitsj (kjend sidan 937) og Rybinsk (grunnlagd 1071). Byen Jaroslavl vart grunnlagd i 1010 av den kievske storfyrsten Jaroslav den vise (Jaroslav Mudryj). Ettersom Kievriket gjekk i oppløysing vart både Jaroslavl, Uglitsj og Rostov på 1200-talet senter for uavhengige fyrstedøme, medan andre delar av provinsen var del av fyrstedømet med senter i Vladimir. I 1238 vart området erobra av mongolane, og byane vart plyndra og sterkt øydelagde. På 1400-talet ekspanderte fyrstedømet i Moskva inn i området. Jaroslavl vart overtatt av Moskva i 1463 og Rostov i 1474.

I 1796 vart Jaroslavl provinshovudstad i ein eigen Jaroslavl provins.

Under den russiske revolusjonen kom området under sovjetisk kontroll frå starten, i oktober 1917. Eit kontrarevolusjonært opprør i Jaroslavl i juli 1918 vart brutalt slått ned. I 1936 vart det noverande Jaroslavl oblast oppretta.

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff endre